Israel Nash's Rain Plans

Israel Nash's Rain Plans
Studioalbum av Israel Nash
Utgjeve 30. september 2013[1]
Innspelt Sommaren 2012, Dripping Spring i Texas
Sjanger
Lengd 45:44
Selskap Loose Music
Produsent Ted Young og Israel Nash Gripka
Israel Nash-kronologi 
Barn Doors & Concrete Floors
(2011)
Israel Nash's Rain Plans Silver Season (2015)


Israel Nash's Rain Plans er den tredje utgjevinga til den amerikanske folkrockgruppa Israel Nash. Plata vart gjeven ut i august 2013 på Loose Music, sjølv om songane vart spelt inn sommaren året før. Albumet vart innspelt på ein gamal analog bandopptakar heime hjå Nash med hensikt for å unngå bruk av moderne, digital opptaksutstyr. Rain Plans er hovudsakleg folkrock,[2] men er òg sterk influert av americana[3][4], alternativ country[5], indierock[6] og psykedelisk rock.[7] Bandet har tidlegare budd i New York by, men i 2012 flytta dei til åslendte Dripping Springs i heimstaten Texas.

Innhald endre

Side 1
Nr.TittelLengd
1.«Woman At The Well»4:36
2.«Through The Doors»4:23
3.«Just Like Water»5:02
4.«Who In Time»4:17
5.«Myer Canyon»5:39
Side 2
Nr.TittelLengd
6.«Rain Plans»7:19
7.«Iron Of The Mountain»4:23
8.«Mansions»5:02
9.«Rexanimarum»5:00

Medverkande endre

Omtale endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
The Independent     [8]
Spectrum Culture          [9]
The Current     [10]
WPTS Radio     [6]
Sputnik Music     [11]
The Austin Chronicle     [12]

Albumet fekk generelt god omtale for at det var ei fin samling av komfortable og innbydande songar.[2] Kombinasjonen av americana og psykedelisk rock gir albumet eit sløvt, melidiøst og avslappande mønster.[13] Rik instrumentering av elektriske og akustiske melodiar har resultert i ei behageleg samling av songar.[9] Rain Plans blandar generelt akustiske og elektriske tonar med pedal steelgitar på ein vakker måte.[2] Albumet sitt opningsnummer, «Woman at the Well», er avslappande, med hjarteskjærande harmoniar,[4] og klarar det kunststykket å vera lett som vinden, men likevel tunghjarta.[12] Songen er vakkert klangfullt, med ein vokal som kan sterkt minna om Neil Young.[5] «Through the Door» er ein djuptfølt song som dannar eit bilete av ein regntung dag, men med ei gjennomstrålande sol.[6] Songen svingar sjelfullt og intenst, med ein psykedelisk balanse.[9] «Just Like Water» er eit intenst og mørkt folkrock stykke med forvridde psykedeliske gitartonar.[4] «Iron Of The Mountain» vert skildra som ein fantastisk landleg låt, med ein akustisk oppbygging og ein kor-liknande vokal som forseglar historia.[5] Albumet si lengste låt, tittelsporet «Rain Plans», er i konstante forandringar, med sporadiske klimaksar.[7] Albumet kan til tider verka så avslappande og syklisk at musikken er lite utviklande. I staden for repeterer Rain Plans den same ideen om og om igjen, på ulike måter.[13] Omtalane meiner at albumet er både episk[7], storslått og tidlaust,[2] men ikkje overdriven.[9]

Dei fleste omtalane har gitt uttrykk for at Rain Plans kombinerer det beste frå store artistar som Neil Young,[9] Crosby, Stills, Nash & Young,[2] Creedence Clearwater Revival, Led Zeppelin,[6] Nazareth, Gram Parson, Ryan Adams, Crazy Horse,[4] Rolling Stones[8] og John Fogerty. Rain Plans vert likevel skildra som noko heilt unikt.[5]

Kjelder endre

  1. «Israel Nash Gripka, Welcome to Loose!». Loose Music. Henta 13. november 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Finn, Nigel (10. mars 2014), «Album Review: Israel Nash "Israel Nash's Rain Plans"», The Chord Company, arkivert frå originalen 27. november 2014, henta 13. november 2014 
  3. Eakin, Marah (12. august 2014), «Listen to Israel Nash’s lovely new Americana album, Rain Plans», The A.V. Club, henta 13. november 2014 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Otremba, Gérard (28. oktober 2013), «Israel Nash Gripka: Israel Nash‘s Rain Plans», Pop-Polit, arkivert frå originalen 28. november 2014, henta 13. november 2014 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «ISRAEL NASH GRIPKA – ISRAEL NASH’S RAIN PLAN». American Roots Music. Henta 13. november 2014. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Robertson, Michael (30. september 2014), Israel Nash 'Rain Plans', WPTS Radio, henta 13. november 2014 
  7. 7,0 7,1 7,2 Holland, Simon (9. oktober 2013), «Israel Nash Gripka – Rain Plans», Folk Radio, henta 13. november 2014 
  8. 8,0 8,1 Williams, Holly (29. september 2013), «Album review: Israel Nash Gripka, Rain Plans (Loose)», The Independent, henta 13. november 2014 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Goldman, Jester Jay (28. august 2014), «Israel Nash: Israel Nash’s Rain Plans», Spectrum Culture, henta 13. november 2014 
  10. «Rain Plans». The Current. Henta 13. november 2014. 
  11. «Israel Nash's Rain Plans». Sputnik Music. Henta 21. november 2014. 
  12. 12,0 12,1 Caligiuri, Jim (21. november 2014), «Israel Nash Rain Plans (Loose Music)», The Austin Chronicle, henta 21. november 2014 
  13. 13,0 13,1 Liptak, Carena (19. august 2014), «ALBUM REVIEW: Israel Nash “Rain Plans”», Audio Femme, henta 14. november 2014 

Bakgrunnsstoff endre