Opna hovudmenyen
It's a Hard Life
Singel av Queen
frå albumet The Works
B-side «Is This the World We Created...?»
Utgjeve 16. juli 1984
Innspelt Januar 1984
Sjanger Glamrock, Kunstrock, Progressiv rock
Lengd 4:08 (album)
5:05 (12" extended version)
Selskap EMI, Capitol
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen og Reinhold Mack
Queen-kronologi
«I Want to Break Free»
(1984)
It's a Hard Life «Hammer to Fall»
(1984)


«It's a Hard Life» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av frontmannen Freddie Mercury. Songen vart gjeven ut i 1984 på albumet The Works, og var den tredje singelen frå albumet. Singelen nådde sjetteplassen på UK Singles Chart og var den tredje topp 10-plasseringa deira frå albumet. Han nådde òg andreplassen i Irland og 20. plassen i Nederland. Songen kom på 19. plassen på ei landsomfattande rundspørring av TV-kanalen ITV over favorittlåten til sjåarane av Queen i 2014.

Innhaldsliste

KomposisjonEndra

Opningsteksten og melodien frå «It's a Hard Life» er basert på linja «Ridi, Pagliaccio, sul tuo amore infranto!» (Laugh, clown, at your broken love!) frå «Vesti la giubba», ein arie frå Ruggero Leoncavallo-operaen Pagliacci.

Musikalsk gjenskapar songen kjensla frå «Play the Game» for å oppdatere soga,[1] og nyttar pianoet til Mercury og den karaterisiske teknikken til bandet med å legge lag på lag med harmonivokal. Songen er spelt inn med mykje av den same etosen frå tidlegare Queen-album sidan dei ikkje brukte synthesizerar på songen.

MusikkvideoEndra

Tim Pope regisserte musikkvideoen i ein operaaktig «stil», der bandet opptrer i operaaktige kostyme. May spelar på ein spesiallaga «skalle- og bein»-gitar,[2] som ein òg kan sjå på singelomslaget.

Bandet syntest kostyma var varme og ukomfortable og dei andre gjorde narr av augo på kostymet til Mercury, som dei meinte såg ut som «ei enorm reke».[2] Både Brian May og Roger Taylor stønna høgt på kommentorsporet til videoen på Greatest Video Hits 2. Taylor sa det var «den mest idiotiske musikkvideoen som var laga.» May meinte videoen var ironisk. Taylor sa at han «likte songen særs godt, men hata videoen».

Ein av statistane i videoen er den tyske skodespelaren Barbara Valentin.

MedverkandeEndra

KonsertopptakEndra

SalslisterEndra

Liste (1984) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[3] 6
Australia (Kent Music Report)[4] 65
Tyskland (Media Control AG)[5] 26
Nederland (Mega Single Top 100)[6] 20
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[7] 4
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[8] 31
New Zealand (RIANZ)[9] 30
Irland (IRMA)[10] 2
US Billboard Hot 100[11] 72

KjelderEndra

  1. Queen's Greatest Videos. Channel 4. 1999. nr. 1/1.
  2. 2,0 2,1 Queen, Box of Flix, 1991, Picture Music International, liner notes s. 7
  3. "juli 1984/ Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 28. juni 2016.
  4. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (doc). Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6. 
  5. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 28. juni 2016.
  6. "Dutchcharts.nl – Queen – It's A Hard Life" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 28. juni 2016.
  7. "Nederlandse Top 40 – Queen search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 28. juni 2016.
  8. "Ultratop.be – Queen – It's A Hard Life" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 28. juni 2016.
  9. "Charts.org.nz – Queen – It's A Hard Life". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 28. juni 2016.
  10. Irish charts search. irishcharts.ie. Accessed on 28. juni 2016. In the box under Search by Song Title, type in It's a Hard Life. Then click search. Accessed on 28. juni 2016.
  11. "Queen Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Queen. Prometheus Global Media. Henta 28. juni 2016.

BakgrunnsstoffEndra