Italiensk mat varierer mykje etter kva region ein er i, men vert vanlegvis rekna som middelhavsmat. I Nord-Italia vert det brukt meir smør og andre meieriprodukt enn i Sør-Italia som brukar meir olivenolje. Døme på typisk italiensk mat er pizza, minestronesuppe og risotto. Døme på dessertar er panettone, tiramisu og cassata.

Ein pizza med pepperoni
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.