Itháki (gresk skrift Ιθάκη) eller Ithaka (Ithaca vert òg nytta på fleire språk), er ei av dei Dei joniske øyane i Hellas. Ho ligg utanfor nordaustkysten av Kefaloniá og har eit flatevidd på 96 km² og om lag tre tusen innbyggjarar.

Itháki
Lokalt namn Ιθάκη
Utsyn over den sørlege delen av øya, med hovudbyen Vathý
Utsyn over den sørlege delen av øya, med hovudbyen Vathý
Geografi
Stad Det joniske havet
Koordinatar 38°22′N 20°43′E / 38.367°N 20.717°E / 38.367; 20.717
Øygruppe Dei joniske øyane

Areal 117,8 km²

Høgaste punkt Niríto (806 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei joniske øyane
Itháki
Største busetnad Vathý (1 920 innb.)

Demografi
Folketal 3 231 (2011[1])
Folketettleik 27,4 /km²

Øya var tidlegare ein kommune i prefekturet Kefaloniá, men frå 2011 er Itháki den einaste kommunen i periferieininga Itháki i periferien Dei joniske øyane.[2] Kommunen Itháki inneheld i tillegg nokre mindre øyar, mellom anna Arkoúdi, Átokos og delar av øygruppa Ekhinádes. Hovudbyen Vathý har ei av dei største naturlege hamnene i verda.

Geografi endre

Av nes på øya finn ein Exojí, som er det vestlegaste, og Mélissa i nord. Mavronás og Ájos Ilías i aust, Skhínos, Sarakíniko og Ájos Ioánnis, det austlegaste, i aust og Ájos Andréas, det sørlegaste, i sør. Av bukter finn ein Afálesbukta i nordvest, Fríkesbukta og Kiónibukta i nordaust og Órmosbukta og Sarakínikobukta i søraust. Det høgaste fjellet er Niríto på 806 m og det nest høgaste er Merovígli (669 m).

Historie endre

Opphavet til dei første menneska på øya under steinalderen er ukjend. Spor av bygningar, murar og vegar frå denne tidsperiode viser at det var busetnadar her i tidleg hellenistisk tid (3000-2000 fvt.).

I den mykenske perioden (1500-1100 fvt.) nådde Itháki høgdepunktet i sin antikke historie då øya vart hovudstad for dei kefalonske statane, som inkluderte dei omliggande øyane og det nærliggande fastlandet. På denne tida var det ein mektig stat, og innbyggjarane vart rekna som store sjøfararar og utforskarar med vågale ekspedisjonar utanfor Middelhavet.

Dei episke dikta Iliaden og Odysseen av Homer fortel om helten Odyssevs som styrte over Itháki og naboøyane. Etter den mykenske perioden vart Itháki mindre viktig.

Ein meiner at det budde fleire tusen innbyggjarar på øya frå den mykenske perioden og gjennom perioden under Austromarriket. I mellomalderen fall derimot folketalet på grunn av stadige invasjonar frå sjørøvarar, som tvinga folk til å danne busetnadar i fjellområda. Dei neste fem åra gjorde tyrkarane og venetianarane diplomatisk krav på øya. Øya kom til slutt under tyrkisk styre. Samtidig hadde Venezia vorte mektige og hadde ein eigen flåte. Dei hadde Dei joniske øyane på ønskelista og i 1499 starta ein krig mellom Venezia og Det osmanske riket. Dei allierte flåtane til Venezia og Spania omleira Itháki og dei andre øyane. Den allierte flåten gjekk sigrande ut, og frå 1500 tok venetianarane kontroll over øyane. Etter ein traktat i 1503 vart Itháki, Kefaloniá og Zákynthos ein del av Republikken Venezia, medan Levkáda gjekk til tyrkarane.

Eit par år etter den franske revolusjonen kom det joniske området under fransk styre, og Itháki vart hovudstad over Kefalloniá, Levkáda og ein del av det greske fastlandet.

Innbyggjarane tok imot franskmenna med opne armar, som tok administrativ og rettsleg kontroll. Dei høge skattane gjorde derimot til irriterte innbyggjar. Alt i 1798 tok Russland og Det osmanske riket, som var allierte på denne tida, over øya (1798-1807). Kérkyra (Korfu) vart hovudstad for dei joniske statane.

Flåten til Itháki blømde då dei fekk lov å føre frakt til hamnene i Svartehavet. I 1807 kom Dei joniske øyane igjen under fransk styre etter ein avtale med Tyrkia. Franskmennene bygde så ei festning i Vathy for å verne seg mot den engelske flåten, som hadde vorte mektig på denne tida. I 1809 tok britane over styret på øyane og Itháki vart ein del av Dei sameinte joniske øyane. Etter Londontraktaten i 1864 vart Itháki, i lag med dei andre øyane, avstått til Hellas.

Mange av bygningane på øya vart øydelagd under eit jordskjelv i 1953.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Vathý (Itháki by) 1 920
Stavrós 366
Perakhóri 343
Platrithiás 201
Kióni 182

Dei andre busetnadane på øya er:

  • Fríkes (94)
  • Anojí (39)
  • Lévki (36)
  • Exojí (25)
  • Aetós (16)
  • Ájos Ioánnis (8)
  • Moní Katharón (1)

Småøyar i kommunen:

Kjelder endre

Referansar

Bakgrunnsstoff endre