Itzehoe

Itzehoe er ein by i den tyske delstaten Schleswig-Holstein i det nordlege Tyskland. Byen har vel 32 000 innbyggjarar (2011) og er hovudstad i Steinburg-krinsen.

Frå midtbyen av Itzehoe

Itzehoe ligg ved elva Stör, ei farbar sideelv til Elben. Byen ligg 51 km nordvest for Hamburg og 24 km nord for Glückstadt.

Mellom bygningane finn ein St. Laurentii-kyrkja frå 1100-talet, rådhuset, der delar av bygningen er frå 1695, samt Klosterhof, restane av eit cisterciensarkloster som vart grunnlagt i 1256.

SogeEndra

Itzehoe er den eldste byen i Holstein og voks fram rundt ei borg som vart bygt frå 809. Byggearbeida var sett i sving under greiven Egbert, ein vasall under Karl den store, og skulle forsvare maktområdet hans mot danskar.

Byen vart lagt øyde i 1201, og gjenoppbygd frå 1224. Både under trettiårskrigen, i 1644, og den fyrste nordiske krig, 1657, vart byen øydelagd. Itzehoe vart lagt under Prøyssen i 1867, som ein del av hertugdømmet Schleswig-Holstein.

Tysklands lågaste punkt, 3,54 meter under havet, ligg i Wilstermarch like ved byen.

BakgrunnsstoffEndra