Ivan Bilibin
Ivan Jakovlevitsj Bilibin (16. august 1871–7. februar 1942) var ein russisk målar, illustratør og scenograf. Bilibin var ein av dei utøvarane innan illustrasjonskunst og scenografi på 1900-talet som vart halden fram som førebilete. Han vart særleg kjend for sine jugend-inspirerte illustrasjonar til russiske folkeeventyr. I gruppa Mir iskusstva ('Kunstverda') var han ein leiande medlem og han var delaktig i fleire av Ballets Russes sine oppsetjingar. Gjennom heile si tid var han sterkt påverka av slavisk folkekunst.
Ivan Bilibin | |
Boris Kustodjev: Portrett av Ivan Bilibin, 1901 | |
Verkeleg namn | Иван Яковлевич Билибин |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 4. august 1876 Tarkhovka |
Død |
7. februar 1942 (65 år) |
Yrke | illustratør, kunstmålar, grafikar |
Språk | russisk |
Ivan Bilibin på Commons |
Liv og gjerning
endreIvan Bilibin kom til verda i ein forstad til St. Petersburg, faren var militærlege. Ivan studerte målarkunst fyrst hos Ilja Repin i heimbyen. Svært stor merksemd fekk Bilibin då han i 1899 gav ut fleire nyskapande illustrasjonar til russiske folkeeventyr. I 1900 reiste han til vidare studiar i München.
Åra frå 1902 til -04 la Bilibin ut på fleire reiser i dei nordlege delane av Russland, der han vart særs oppteken av den tradisjonelle folkekunsten og trearkitekturen. Desse kunstformene formidla han vidare gjennom monografien Folkekunst i Nord-Russland (1904). Han vart også påverka av tradisjonell japansk grafikk og mellom anna av Gerhard Munthe sine dekorative bilete.
Under den russiske revolusjonen i 1905 laga han revolusjonære avisteikningar, men overfor oktober-revolusjonen i 1917 kjende han seg framand. Etter korte opphald i Kairo og Alexandria slo han seg ned i Paris i 1925. Der arbeidde han med å dekorere rikmannsbustader og russisk-ortodokse kyrkjer.
Lengt mot heimlandet førte til han vende heim til Russland i 1936, etter fyrst å ha laga dekorasjonar til den sovjetiske ambassaden i Paris. I heimbyen førelas han ved det sovjetrussiske kunstakademiet fram til 1941. Bilibin døydde under omleiringa av Leningrad.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ivan Bilibin» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2009.