Opna hovudmenyen

Ivan Stepanovitsj Masepa (20. mars 16392. oktober 1709) var ein koasakkisk hetman i Aust-Ukraina frå 1687 til 1708. Han tok sikte på å lausrive Ukraina frå Russland og førte hemmelege forhandlingar med den polske kongen og seinare med med Karl XII av Sverige. Han gjekk opent over til Karl XII etter at svenskane marsjerte inn i Russland under den store nordiske krigen. Etter det svenske nederlaget i slaget ved Poltava i 1709, rømde han saman med Karl til Tyrkia.

Ivan Masepa
Ivan Mazepa.jpg
Fødd 30. mars 1639
Bila Tserkva
Død

21. september 1709
Bender, Varnița

Yrke diplomat, politikar
Ivan Masepa på Commons

Han var kjend for å verne kunsten. Den russisk-ortodokse kyrkja har bannlyst namnet hans sidan byrjinga av 1700-talet og nektar framleis å trekke dette tilbake. Alle som gjekk imot dei russiske styresmaktene på 1700-talet i Ukraina vart seinare kalla «mazepintsy» («masepistar»).[1]. Framandgjeringa av Masepa frå ukrainsk historie heldt fram i sovjettida og framleis i dag. Til dømes nekta byrådet i Poltava å reise ein statue av Masepa til minne om nederlaget i slaget ved Poltava.

Masepa er omtalt i mange litterære verk frå romantikken, som Lord Byron og Aleksander Pusjkin, og av Franz Liszt i hans Mazeppa.

KjelderEndra