Ivan Sjuvalov
Ivan Ivanovitsj Sjuvalov (fødd 1. november 1727 i Moskva, daud 15. november 1797 i St. Petersburg) var ein russisk politikar.
Ivan Sjuvalov | |||
| |||
Fødd | Иван Иванович Шувалов 1. november 1727 Moskva | ||
---|---|---|---|
Død | 15. november 1797 (70 år) | ||
Statsborgar av | Det russiske imperiet | ||
Yrke | lingvist, politikar, offiser, mesen, embetsmann | ||
Mor | Tatyana Ratislavskaya | ||
Far | Ivan Shuvalov | ||
Sambuar | Elisabeth av Russland | ||
Medlem | Royal Society |
Sjuvalov blei utnemnd av tsarina Elisabet til generaladjutant og medlem av «konferansen» (det dåverande statsrådet) og fekk stor innverknad på statsstyringa, men takka nei til tittel som greve. Han la ned stor innsats gjennom opprettinga av Statsuniversitetet i Moskva og gymnaset i byen i 1755, som han blei den fyrste kuratoren for. Det var også han som stod bak initiativ til å skipa Det russiske kunstakademiet (1757) og gymnaset i Kazan (1758).
Sjuvalov støtta Mikhail Lomonosov sin vitskaplege aktivitet og gav forslag til Voltaires Histoire de l'empire de Russie sous Pierre le Grand. Etter at Katarina II kom på trona var han busett i utlandet i 14 år. Etter heimkomsten blei han overkammarherre og samarbeidde med fyrstinna Katarina Dasjkova om utarbeidinga av Sobesiednik ljubitelej rossijskago slova. Biografien hans blei skriven av Pjotr Bartenev i 1857.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ivan Sjuvalov» frå Wikipedia på svensk, den 2. juli 2021.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Sjuvalov, 2. Ivan Ivanovitj i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1917)