Ivan Sergejevitsj Turgenjev (9. november 18183. september 1883) var ein russisk forfattar. Turgenjev står i fremste rekke mellom dei russiske forfattarane. Han var ein av dei fyrste som skreiv om nauda og angsten i det russiske samfunnet.

Ivan Turgenjev

Verkeleg namn Иван Сергеевич Тургенев
Pseudonym .....въ, —е—, И.С.Т., И.Т., Л., Недобобов, Иеремия, Т., Т…, Т. Л., Т……в
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 28. oktober 1818
Orjol
Død

22. august 1883 (64 år)
Bougival

Yrke skribent, lyrikar, skodespelforfattar, romanforfattar, omsetjar, prosaforfatter, dramaturg, kommentator
Sjanger novelle, kortroman, roman, elegi, drama
Medlem av Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Far Sergey Turgenev
Mor Varvara Petrovna Turgeneva
Signatur
Ivan Turgenjev på Commons

Liv endre

Turgenjev vart fødd 1818 i Orjol. Han stamma frå ei gammal adelsslekt. Far hans var offiser i den russiske hæren, og rådde over meir enn tusen liveigne. Etter å ha vorte undervist i heimen, reiste Turgenjev i 1827 til Moskva og heldt fram skulegangen der. Rektor ved skulen fremja Turgenjevs interesse for europeisk kultur. Etter han var ferdig skulen studerte han litteratur, 1833/34 i Moskva og frå 1834 til 1837 i St. Petersburg. Frå 1838 til 1841 studerte han utanlands. Turgenjev hadde eit særs omgjengeleg vesen. I Berlin var han, saman med kameratan sine, særleg oppteken av Hegels filsofi. Han kom i Berlin og truleg og i Heidelberg i kontakt med fleire russiske kjemikarar. Romanen Fedre og søner har mange knutepunkt til kjemien. Det var i dei dagar han første gongen møtte karar som Nikolaj Stankevitsj og Mikhail Bakunin.

Etter heimkoma til Russland følgde eit kort mellomspel som embetsmann i St. Petersburg. Etter to år i statens teneste bestemte han seg for å vere forfattar på heiltid. Det fyrste prosaverket hans vart publisert i 1884, novella Andrej Kolossov. Han reiste så tilbake til Orjol og gav fridomen til dei liveigne på godset sitt. Romanen Ein jegers dagbok la grunnlaget for gjetordet om Turgenjev. I mars 1852 vart han likevel arrestert på grunn av artikkelen Eit brev til Gogol og deretter forvist til godset sitt.

År 1855 reiste Turgenjev til Paris, og vende sidan berre ved høve tilbake til Russland. Han budde fyrst og fremst i Tyskland og Frankrike, og der han skreiv om uroa i heimlandet. Sju år budde han fast i Baden-Baden. Til vennekrinsen høyrde Gustave Flaubert, Prosper Mérimée, Berthold Auerbach, Paul Heyse, Gustav Freytag og Theodor Storm.

Turgenjev døydde 1883 av ryggmergskreft i Bougival ved Paris.

Verk endre

Turgenjev vert rekna mellom dei viktigaste representantane for realismen i russisk litteratur. Verka hans hadde elles stor innverknad på utviklinga av den «melankolske impresjonismen» i Vest-Europa. I åra opp til 1847 prega det framom alt lyrikken. Frå 1855 steig han meir og meir fram som forfattar av komediar og andre drama, som i si lite dramatiske utvikling førevarslar Anton Tsjekhov sine spelstykke.

Turgenjevs prosa har ein lyrisk grunntone, som ofte vender seg mot naturskildring og kjenslebetonte digresjonar. Med utgangspunkt i Aleksandr Pusjkins språk søkte han å forbetre intonasjonen og det kunstnariske uttrykket. Turgenjev var ein meister i personteikning, karakterane kjem til synes gjennom mange små og nesten umerkelege detaljar.

Romanforteljinga Ein jegers dagbok frå 1852 vart av mange sett som ein krass kritikk mot samfunnsskipnaden. Hovudpersonane er sjølvstendige og karaktersterke liveigne bønder, så verket vart sett som sjølve oppseiinga av liveigenskapet. I sine seks romanar skildra Turgenjev lagnaden til heltane sine og knytte den saman med sosiale, politiske og ideologiske straumdrag i Russland i tida frå 1850-åra til 1870-åra. I Fedre og søner (1862) arbeidde han med temaet generasjonskonflikt. Han skildra der den revolusjonære generasjonen med sympati, og gav til kjenne ei forståing for den nihilistiske innstillinga til hovudpersonen Bazarov. I seinare verk som til dømes Røyk (1867) halla han stendig meir mot polemiske og satiriske framstillingar av aktuelle problem.

Turgenjev er ein av dei fremste europeiske novellediktarane. Novellene hans, som framom alt er kjenneteikna av stort mangfald i skildringane, vert i russisk litteratur rekna som eit høgdepunkt i sjangeren. Novellisten Turgenjev føretrekte rammeforteljinga og skreiv ofte om dei mange måtar kjærleiken utfaldar seg på. I hans seine år kom også det overnaturlege og løyndomsfulle inn i forteljingane hans, som då han i 1882 skildra kjærleik som varer ved utover dødsstunda.

I sine litterære arbeid var Turgenjev påverka av Goethe, noko som særleg kjem til syne i hans Faust (1856). I tillegg var han påverka av Charles Baudelaire, Giacomo Leopardi og, i sine siste verk, av Arthur Schopenhauer.

Verk i utval endre

  • Eit overflødig menneskes dagbok (Дневник лишнего человека), 1849
  • Ein jegers dagbok (Записки охотника), 1852
  • Faust (Фаүст), 1856.
  • Eit adeleg reire (Дворянское гнездо), 1859
  • Aftenen før (Накануне), 1860
  • Den første kjærleik (Первая любовь), 1860
  • Fedre og søner (Отцы и дети), 1862
  • Røyk (Дым), 1867
  • Vårbølgjer (Вешние воды), 1872
  • Klara Militsj (После смерти (Клара Милич)), 1882.

Kjelder endre