Izjevsk
Izjevsk (russisk Иже́вск; udmurtisk Ижкар, Ižkar), frå 1985 til 1987 kalla Ustinov (russisk Усти́нов), etter Dmitrij Ustinov, er hovudstaden i republikken Udmurtia i Russland. Han ligg ved elva Izj vest i Uralfjella.
Izjevsk Ижевск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Udmurtia | ||||
Grunnlagd | 10. april 1760 | ||||
Borgarmeister | Viktor Balakin | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
316,66 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
615 700 1 944,4 /km² | ||||
Koordinatar | 56°51′N 53°13′E / 56.850°N 53.217°E | ||||
Høgd over havet | 140 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
SAMT (UTC+4) SAMST (UTC+5) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 426xxx | ||||
Retningsnummer (tlf) | +7 3412 | ||||
Bilnummer | 18 | ||||
Nettstad: www.izh.ru/ |
Byen var tidlegare ein ingeniørby og vart grunnlagd som ein stad der det vart gjort alle slags former for metallarbeid, hovudsakleg produksjon av maskineri og våpen. Izjevsk er ein av dei mest kjende våpenbyane i Russland, og det var her Mikhail Kalasjnikov utvikla det kjende geværet AK-47. Kalasjnikov bur framleis i Izjevsk. Det finst òg ein bil- og motorsykkelfabrikk i byen som har merket IZJ (ИЖ).
Under sovjettida var Izjevsk ein lukka by som var stengd for utlendingar på grunn av dei mange militære fabrikkane som låg her.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Izhevsk» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2008.