Ramoen

(Omdirigert frå Jønshornet)

Ramoen (1419 m.o.h.) er eit fjell ved Barstadvik i Ørsta kommuneSunnmøre.

Ramoen
fjell
Ramoen til høgre.
Land  Noreg
Område Ørsta (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Sunnmørsalpane
Høgd 1 419 moh.
Primærfaktor 160 m
Lettast tilkomst Barstadvik, Vollesetra, Rametinden
Koordinatar 62°17′50″N 6°20′50″E / 62.29722°N 6.34722°E / 62.29722; 6.34722
Kart
Ramoen
62°19′02″N 6°20′02″E / 62.317213°N 6.333988°E / 62.317213; 6.333988
Wikimedia Commons: Ramoen

Fjellet ligg på vestsida av Hjørundfjorden, aust for bygda Barstadvik. Fjelldalen Molladalen ligg sør for fjellet. Fjellet har alpin form og er bratt på alle kanter, men har to oppstigingsruter som ikkje krever klatring, ein frå Molladalen og ein frå Barstadvik via Vollesetra. Ulikt dei fleste andre alpine fjell, som til dømes i Jotunheimen, er heile fjellets høgde over havet synleg på kloss hald. Frå Storfjorden og Hjørundfjorden ser ein heile 1419 meter nærast rett opp. Frå toppen er utsikten spektakulær. Ved toppen ligg ein steinhelle ein må krype under for ikkje å eksponere seg for eit stup mot Hjørundfjorden.

Briten Geoffrey Hastings steig til topps på Ramoen den 7. september 1889 og stod for den fyrste kjende bestigninga. Der fann han "en vel bygget varde"[1].

Fjellet var eit kjent seglingsmerke for fiskarane som dreiv ute på Sunnmørshavet.

Jønshornet er eit anna namn på fjellet.

Oppkalling

Ramoen har mest truleg gitt namn til:

  • Ramoen, ein trålar registrert i nabobygda Vartdal og
  • Ramoen, forsamlingslokale og kafe i nabobygda Vartdal.

Bakgrunnsstoff endre

Rundskue frå Ramoen/Jønshornet hos Leif Roar Strand si nettside, vitja 31. januar 2010 Arkivert 2010-01-16 ved Wayback Machine.

Kjelder endre

Jon Hagen og Helge J. Standal: Molladalen, Volda 1989

Fotnotar endre

  1. Hagen og Standal s. 10