Jørgen Erikssøn

Jørgen Erikssøn (Haterslevenis) (15355. juni 1604) var superintendent (biskop) i Stavanger frå 1571 til han døydde.

Jørgen Erikssøn

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1535
Død

5. juni 1604 (69 år)

Yrke embetsmann
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Jørgen Erikssøn på Commons

Karriere endre

Jørgen Erikssøn var i 1559–1560 rektor ved katedralskulen i Bergen og 1560–1566 slottskapellan på Bergenhus. Deretter studerte han fleire år i København og Wittenberg, tok magistergraden i filosofi i København.

I 1571 vart Jørgen utnemnd til superintendent i Stavanger. Med vilje og kraft innførte han den lutherske kyrkjeordenen i stiftet. Han førte tett tilsyn med prestane og meinigheitene, gjennomførte streng kyrketukt, restaurerte domkyrkja og styrkte skulen.

I Stavanger heldt Jørgen kraftige botspreiker over profeten Jonas, og utgav dei i 1592 for å rettleie prestane. Desse Jonæ Prophetis skiøne Historia udi 24 Predicken begreben, er, saman med Jens Nilssøn sine preiker, det viktigaste minnet om forkynninga i Noreg i reformasjons-hundreåret.

Kjelder endre