Jørgen Juve (22. november 190612. april 1983) var ein norsk fotballspelar og journalist frå Porsgrunn som var kaptein på det såkalla Bronselaget. Med sine 33 langslagsmål står han øvst på skåringsstatistikken til det norske fotballandslaget.

Jørgen Juve


Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1906
Porsgrunn
Død

12. april 1983 (76 år)
Oslo

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1938, Sommar-OL 1936

Klubbspel endre

Juve, som var son til ein garvar, spelte på Urædds Ballklubb i heimbyen til 1926, som nett den sesongen tok seg til semfinalen i NM. Etter 2-2 mot Odd frå grannebyen Skien, måtte det omkamp til, ein kamp den komande noregsmeisteren Odd vann 3-0. Frå 1927 til han la opp i 1938 spelte Juve i osloklubben Lyn. I 1928 deltok han i sin einaste cupfinale då Lyn tapte 1-2 mot Ørn frå Horten.

Landslagsspel endre

Juve debuterte på det norske landslaget 3. juni 1928 som høgreback då Finland vart slått 6-0 på si heimebane. I sin fjerde landskamp, ein vennskapskamp i Oslo mot {{Nederland]],var Juve flytta opp i angrepet. Som senterløpar skåra han tre av dei fire måla då Noreg utlikna til sluttresultatet 4-4, etter å ha lege under 0-3. I løpet av dei sju neste landskampane skåra han 16 mål og hadde mykje av æra for at Noreg vart nordisk meister 1929-32.

Frå 1934 var Juve atter forsvarsseplar, oftast som senterhalf i ei trebackslinje. I 1936 var han kaptein på det berømte Bronselaget som vann bronsemedalje under Sommar-OL i Berlin. Noreg slo ut Tyskland i kvartfinalane og vann 3-2 over Polen i bronsefinalen. Året etter spelte han sin 45. og siste landskamp då Noreg tapte 1-5 mot Danmark i København.

Juve var «på topp både som back, senterhalf og senterforward», men «[s]tørst berømmelse høstet han som den uforlignelige angrepsleder... Han hadde et makeløst tilslag på ballen og en skuddsikkerhet som vi ikke har sett hos noen annen norsk spiller».[1]

Ymse endre

Etter at han slutta som aktiv spelar reiste Juve rundt i landet og instruerte ei rekke fotballag. Han var trenar i Skeid i 1939 og 1940, samt i Lyn i fleire periodar.

I det sivile liv arbeidde Juve som journalist i Dagbladet og Tidens Tegn.

Merittar endre

  • OL-bronse: 1936 med Noreg
  • Nordisk meister: 1929-32 med Noreg
  • NM-sølv: 1928 med Lyn

Kjelder endre

  1. Magnus Breili:Fotballbokn. 1967e