Opna hovudmenyen

Jørgen Jonsen Reitan (5. juni 187114. juli 1944) var ein norsk skolemann, målmann og dialektgranskar.

Jørgen Reitan
JørgenReitan.jpg
Fødd5. juni 1871
Ålen
Død14. juli 1944
Ålen
NasjonalitetNoreg
Yrkefilolog
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Reitan var født i Ålen i Sør-Trøndelag fylke som son av lærar, ordførar og stortingsmann Jon Jørgensen Reitan. Han var bror av lokalhistorikaren Anders Reitan og brorson av diktar, skulestyrar og stortingsmann Anders Jørgensen Reitan.

Jørgen Reitan var utdanna filolog og statsstipendiat frå 1917 av. I 1922 tok han doktorgrad på avhandlinga Nytrøndsk ordforkortning, der han djervt sette fram ein teori om at den trøndske ordforkortinga i røynda var same prosessen som hadde forma moderne engelsk. Utgangspunktet hans var at bispestolen i Nidaros hadde store interesser i England, både kyrjelege og verdslege, og at sambandet over Nordsjøen var godt.

Han skreiv mange mindre avhandlingar om målet i Søraust-Trøndelag og over i Härjedalen, om målet i heimbygda Ålen, på Tynset, og på Røros. Han skreiv dessutan om målet i Bardu og i Målselv som innflyttarane frå rørosregionen hadde tatt med seg på si bureising. Reitan hevda i 1917 i skriftet Eit nynorsk normalmaal at nynorsk landsmål måtte slå sterkare rot i trøndsk og austnorsk, og rett før han døydde gav han Universitetet i Oslo eit målførefond til fremje av denne saka.

LitteraturEndra

  • Nytrøndsk ordforkortning og betoning (1922)
  • Tynnsetmålet (1926)
  • Vemdalsmålet. Med oplysninger om andre herjedalske mål (1930)
  • Rørosmålet (1933)

KjelderEndra