Jørn Andersen

tysk fotballspelar (fødd norsk)

Jørn Andersen (fødd 3. februar 1963) er ein tysk fotballtrenar- og spelar. Midtspissen spelte for dei norske idrettslaga Østsiden IL, Fredrikstad Fotballklubb og Vålerenga IF, før han hausten 1985 vart overført til vesttyske FC Nürnberg. Dei neste ti åra spelte han i fem tyske klubbar, der han gjorde mest av seg i nemnde Nürnberg (1985-88) og Eintracht Frankfurt (1988-90, 1991-94). Handballspelaren Bjørg Andersen er mor hans.

Jørn Andersen


Statsborgarskap Tyskland, Noreg
Fødd 3. februar 1963 (61 år)
Fredrikstad
Idrett fotball

Jørn Andersen kjem frå Fredrikstad. Han vart tysk statsborgar i 1993 og sa då frå seg norsk statsborgarskap.[1]

Spelar endre

Andersen debuterte i toppserien i 1982 for Fredrikstad, og vart cupmeister med klubben i 1984. Sidan Fredrikstad same sesongen rykte ned i 2. divisjon, melde han føre 1985-sesongen overgang til Vålerenga, der han viste seg den meste målfarlege spissen med sine 23 mål. Ved sesongslutt var han overført til Nürnberg, der vart verande i tre sesongar. Frå 1988 var han i tre år Eintracht Frankfurt-spelar, der i sesongen 1989/90 skåra 18 mål i serien og vart dermed toppskårar i bundesliga, som den aller fyrste utlendingen. Sidan var han innom klubbar som Fortuna Düsseldorf, Hamburger SV, Dynamo Dresden og dei sveitsiske klubbane FC Zürich og FC Lugano, utan å markere seg. Andersen skåra 67 mål i sine 243 kampar i tysk bundesliga.

Andersen debuterte på norske landslaget i 1985, og noterte seg for fem landslagsmål gjennom sine 27 kampar i tida fram mot 1990.

Trenar endre

Sidan han la opp i 2001 har Andersen vore trenar for fotballag i Sveits, Tyskland, Hellas og Austerrike. I 2015 vart han tilsett i Austria Salzburg. Frå mai 2016 har Andersen vore landslagstrenar for Nord-Korea.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1984 med Fredrikstad FK

Andersen er tysk statsborgar sidan 1993.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Nils Henrik Smith: «Mannen, myten og måljegaren - eit møte med Jørn Andersen» i Josimar 2015/10:8-23.
  1. https://www.nrk.no/ostfold/xl/hvor-ble-det-av-jorn-andersen_-1.12661618