Jørn Holme
Jørn Holme (fødd 16. august 1959 i Oslo) er ein norsk jurist og tidlegare politikar for Venstre. Han var statsadvokat frå 1991 til 2001 då han vart statssekretær i Justisdepartementet for Odd Einar Dørum i Bondevik II-regjeringa, eit verv han hadde frå 2001 til 2004. Frå 2004 til 2009 var han sjef for Politiets sikkerhetsteneste (PST). I oktober 2009 vart han riksantikvar.
Jørn Holme | |
Jørn Holme 2010. Foto: Jarle Vines | |
Fødd | 16. august 1959 (64 år) Oslo |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar, aktor, dommar |
Utdanna ved | Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo |
Verv | Riksantikvar 2009- |
Føregangar | Nils Marstein |
Verv | PST-sjef 2004-2009 |
Føregangar | Per Sefland |
Etterfylgjar | Janne Kristiansen |
Alle verv |
|
Holme er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo frå 1986. Han tenestegjorde deretter i Harstad som politijurist i Senja politidistrikt frå 1988 til 1990 og deretter eit år som dommar i Trondenes tingrett. Etter det har hans teneste vore i Oslo, mellom anna som byrettsdommar, førstestatsadvokat i Økokrim og konstituert generaladvokat før utnemninga som statssekretær.
Holme fekk i 2008 kommunikasjonsprisen, som Kommunikasjonsforeningen og Norske Informasjonsrådgivere (NIR) deler ut. Prisen delte han med leiar i Elevorganisasjonen, Vibeke Mohn Herberg.
Holme er òg styremedlem i Fortidsminneforeningen.
Publikasjonar Endra
- The protection of cultural monuments vol. 1-2 (redaktør og hovedforfatter), ØKOKRIM’s publication series, 2000
- Fauna crime and other environmental crime (redaktør og hovudforfattar), ØKOKRIM’s publication series, 1994
Kjelder Endra
- «Riksantikvar - CV Jørn Holme». Riksantikvaren. Henta 2. juli 2017.