Jürgen Haase (fødd 19. januar 1945) er ein tysk tidlegare langdistanseløpar frå Rückerdsorf i delstaten Brandenburg, som tevla for Aust-Tyskland og vart europameister på 10 000 meter i 1966 og 1969.

Jürgen Haase


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 19. januar 1945 (79 år)
Friedersdorf (Rückersdorf)
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1968 Summer Olympics – men's 10,000 metres

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Aktiv endre

Haase vart austtysk meister på 10 000 meter i 1965, berre 20 år gammal. Sidan vann han distansen i den nasonale meisterskapen også i 1966, 1968, 1970, 1972 og 1973. Under EM i friidrett 1966 i Budapest spurtslo han heimehåpet Lajos Mecser og vann gullmedaljen på 10 000 m. Han deltok også på 5 000 m, der han enda på ellevteplass. Året etter sigra han i milløpet i Europacupen for landslag, tida var moderate 28.54,2. Sommaren 1968 sette han europarekord med 28.04,4 då han i Leningrad viste den kjende kenyanaren Kipchoge Keino til andreplassen. Men i tynnlufta i Mexico-byen var han sjanselaus og vart nummer 16 i sin olympiske debut og sorti i oktober 1968.

I friidretts-EM 1969 i Athen var Hasse enno ein gong suveren i spurten og forsvarte EM-tittlen frå 1966. Nett som i 1967 sprang Hasse inn til siger på 10000 meter i Europecupen for landslag. Framom europameisterskapen i Helsinki i 1971 var Haase den store favoritten. Milløpet i EM gjekk i stort tempo, og då klokka ringde for siste runde var det klart for europarekord. I finske Juha Väätäinen fann Haase sin overmann, også i spurtstyrke. Väätäinen vart klokka inn på 27.52,7, sølvvinnar Haase fekk notert 27.53,3. For begge vart det deira snøggaste milløp nokon gong.

Haase stod over Sommar-OL 1972 grunna ei blodforgifting. Han la opp etter 1973-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1966 i Budapest: Gullmedalje på 10 000 m - 28.26,0, framom Lajos Mecser (28.27,0)
  • OL 1968 i Mexico by: Nr 16 på 10 000 m - 30.24,0
  • EM 1969 i Aten: Gullmedalje på 10 000 m 28.41,6, framom Mike Tagg (28.43,2)
  • EM 1971 i Helsinki: Sølvmedalje på 10 000 m - 27.53,3, bakom Juha Väätäinen (27.52,7)