Jens Andreas Friis
Jens Andreas Friis (2. mai 1821–16. februar 1896) var ein norsk språkforskar og forfattar.
Jens Andreas Friis | |||
| |||
Fødd | 2. mai 1821 Sogndalsfjøra | ||
---|---|---|---|
Død | 16. februar 1896 Christiania | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | språkvitskap | ||
Yrke | leksikograf, lingvist, omsetjar, filolog, skribent | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Friis var fødd i Sogndal i Sogn. Han tok først teologisk embetseksamen. Seinare studerte han samisk språk i Christiania og vidare hos Elias Lönnrot i Finland. Han vart dosent i lappiske språk ved universitetet i Christiania i 1866 og professor i 1874. Friis gjorde studiet av samisk til si livsgjerning. Han utgav mange og grundige verk om samiske språk og mytologi. Attåt skreiv han folkelivs- og reiseskildringar, som vart svært populære. Det mest kjende skjønnlitterære verket hans kom ut under namnet Fra Finnmarken. Skildringer, i 1881. Seinare kom boka i fleire nye opplag, under namnet Lajla, også på nynorsk (1944). Romanen er filmatisert tre gonger. Hans skjønnlittære verk er og omsett til andre språk.
Den langsiktige verknaden av Friis sitt arbeid var det praktiske språkarbeidet hans. Friis-rettskrivinga for nordsamisk vart brukt i den nordsamiske bibelen, og i tidsskriftet Nuorttanaste. Ho er dermed i bruk i religiøs samanheng den dag i dag, trass i at det har komme tre ulike rettskrivingar etter Friis si rettskriving.
Ordboka til Friis var viktig då ho kom, men ho har seinare komme i skuggen av Konrad Nielsen si store ordbok.
J.A. Friis døydde i Kristiania.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1856 – Lappisk grammatik : udarbeidet efter den finmarkiske hoveddialekt eller sproget, saaledes som det almindeligst tales i norsk Finmarken (Christiania: Cappelen) I fulltekst ved nb.no
- 1856 – Lappiske sprogprøver : en samling af lappiske eventyr, ordsprog og gaader : med ordbog (Christiania: Cappelen) I fulltekst ved nb.no
- 1863 – ABC : samegiel ja darogiel abes daihe vuostas lokkamgirje same-manaidi (Kristiania: Brøgger & Kristie) I fulltekst ved nb.no
- 1871 – Lappiske eventyr og folkesagn (Christiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
- 1871 – Lappisk mythologi, eventyr og folke-sagn (Christiania: Cammermeyer)
- 1871 – En sommer i Finmarken, russisk Lapland og Nordkarelen : skildringer af Land og Folk (Christiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
- 1874 – Hans Majestæt kong Oscar II's reise i Nordland og Finmarken aar 1873 (Christiania: Mallings boghandel) I fulltekst ved nb.no
- 1876 – Tilfjelds i ferierne, eller Jæger- og fiskerliv i Høifjeldene (Christiania: Cammermeyer)
- 1880 – En Sommer i Finmarken, russisk Lapland og Nordkarelen : skildringer af land og folk (Christiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no [2. udg.]
- 1881 – Fra Finmarken : skildringer (Kristiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no [Seinare utg. har tittelen Lajla]
- 1882 – Hans Majestæt kong Oscar II.s reise i Nordland og Finmarken aar 1873 (Kristiania: Mallings boghandel) I fulltekst ved nb.no [Forkortet udg.]
- 1884 – Klosteret i Petschenga : skildringer fra russisk Lapland (Kristiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
- 1887 – Ordbog over det lappiske sprog : med latinsk og norsk forklaring samt en oversikt over sprogets grammatik (Kristiania: I kommission hos Jacob Dybwad) I fulltekst ved nb.no
- 1891 – Skildringer fra Finmarken (Christiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no [Seinare utg. har tittelen Ella]
- 1909 – Lajla : fortælling (Kristiania: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
Sjå også
endreKjelder
endre- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
Bakgrunnsstoff
endre- Friis Etnografiske kart over nordlige Nord-Norge Frå dokumentasjonsprosjektet
- Lindkjølen, Hans: J. A. Friis og samene, 1983 ISBN 82-7122-000-4
- Hansen, Lars Ivar: Friis' etnografiske kart i Ottar, tidsskrift fra Tromsø Museum 3/1998
- Om Jens Andreas Friis i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kart
endre- Friis, J.A. 1861: Etnografisk kart over Finnmarken
- Friis, J.A. 1888: Etnografisk kart over Finnmarken