Opna hovudmenyen
Denne artikkelen handlar om landsbyen i Bethlehem guvernement. For landsbyen i Jenin guvernement, sjå Jaba i Jenin.

Jab'a (arabisk الجبعة) er ein palestinsk landsby sentralt på Vestbreidda, 17 kilometer nord for Hebron og 15 kilometer sørvest for Betlehem. Han ligg tre kilometer aust for den grøne linja, i separasjonssonen, omgjeve av israelske busetjingar i Gush Etzion regional kommune og Israel si sperring på Vestbreidda. Nærliggande palestinske byar og landsbyar er Surif like ved Jaba'a, Wadi Fukin og Nahalin i nord. Han er den nordlegaste busetnaden i Hebron guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Jab'a eit folketal på kring 896 i 2007.[2]

al-Jab'a
الجبعة, Jaba'a, Jab'aa
kommune
Namneopphav: Ås[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Bethlehem guvernement
Koordinatar 31°40′29″N 35°04′40″E
Areal 10,1 km²
Folketal 896 (2007)
Folketettleik 89 / km²
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jab'a

HistorieEndra

Jab'a er datert attende til kanaanittane. Det er òg gjort funn av bysantinsk keramikk.[3]

I 1596 stod Jaba oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på tre muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, og geiter eller bikubar.[4]

I The Survey of Western Palestine (1883) vart Jeba skildra som «ein liten landsby på ein høg, smal rygg, med ein bratt dal i nord. Husa er av stein. I aust er det grotter i klippene.»[5]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Al Jaba'a eit folketal på 122, alle muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 hadde eit folketal på 176, framleis alle muslimar, som budde i totalt 36 hus.[7]

I 1945 var folketalet i El Jab'a 210, alle arabarar, som eigde 5 593 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 102 mål var plantasjar og irrigert land, 1 880 vart brukt til korndyrking,[9] medan 12 mål var utbygd (urbant) land.[10]

KjelderEndra

  1. Palmer, 1881, s. 296
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
  3. Dauphin, 1998, s. 921
  4. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 112. 
  5. Conder og Kitchener, 1883, vol 3, s. 25
  6. J.B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table V, Subdistrict of Hebron. 
  7. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine. s. 32. 
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143

BakgrunnsstoffEndra