Opna hovudmenyen

Sinjarfjella (Jabal Sinjār, også Shingal- eller Shengalfjella) er ei fjellkjede som ligg i Øvre Mesopotamia, mellom Eufrat og Tigris. Den høgaste toppen i fjella er 1 356 moh.[1] Fjellkjeda har ei aust-vestleg retning og er rundt 100 km lang, medan den høgaste delen er rundt 75 km lang.

Sinjar
Şengal
fjellkjede
Sinjar Mountains.png
Satellittbilete av Sinjarfjella
Land Flag of Iraq.svg Irak, Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Nineveh guvernement
Stad Shingal
 - høgd 1 356 moh.
 - koordinatar 36°22′0.22″N 41°43′18.62″E
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sinjar Mountains
Fjellsider med terrassar i Sinjarfjella.

Sinjarfjella ligg i regionen Kurdistan; hovuddelen er i Nineveh guvernement i Irak, medan rundt 25 km ligg i syriske Al-Hasakah guvernement. Byen Sinjar eller Shingal ligg like sør for fjellkjeda.[2][3] Området nedanfor fjella blir kalla Sinjarsletta.

KjelderEndra

  1. «Sinjār Mountains», Encyclopaedica Britannica, britannica.com
  2. Edgell, H. S. 2006. Arabian Deserts: Nature, Origin, and Evolution. Springer, Dordrecht, The Netherlands. 592 pp. ISBN 978-1-4020-3969-0
  3. Numan, N. M. S., and N. K. AI-Azzawi. 2002. Progressive Versus Paroxysmal Alpine Folding in Sinjar Anticline Northwestern Iraq. Iraqi Journal of Earth Science. vol. 2, no.2, pp.59-69.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Sinjarfjella