Jack Richard Buckner (fødd 22. september 1961) er ein britisk tidlegare mellom- og langdistanseløpar, fødd i Wells i Somerset. Han vart europameister på 5000 meter i 1986 og tok året etter VM-bronsen på same distansen.

Jack Buckner
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 22. september 1961 (62 år)
Wells
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Buckner sette personleg rekord på 1500 meter med 3.35,2 ved DN-galan i Stockholm 1. juni 1986. Med landsmenn som Sebastian Coe, Steve Cram og rutinerte Steve Ovett, alle saman i verdstoppen på distansen, valde Buckner å satse på 5 000 meter som sin distanse. Allereie under samveldeleikane i Edinburgh sist i juli månad vart han andremann på halvmila på tida 13,25,8, klart slått i spurten av nemnde Ovett. Ein månad seinare sprang Buckner sitt livs løp då han, etter ei glitrande spurtrunde vann gullmedaljen i europameisterskapen 1986 på tida 13.10,1, ei tid han aldri sidan makta forbetre.

Under verdsmeisterskapen i Roma i 1987 vann Buckner bronsen på 5 000 meter, like bak portugisiske Domingos Castro, ingen av dei to klarte å fylgje temposterke Saïd Aouita frå Marokko på oppløpet. Etter 1988 var Buckner plaga med skade. Han deltok i Sommar-OL 1992 der eit fall i forsøksløpet hindra han å nå finalen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre