Jacob Bull-Tornøe

Jacob Bull-Tornøe (21. april 18559. august 1915) var ein norsk forretningsmann, godseigar og stortingsmann frå Skånevik i Hordaland.

Bull-Tornøe var fødd på prestegarden i Skånevik, faren var utskiftingsmann og mora prestedotter. Etter handelsskule i Bergen, reiste han utanlands og utdanna seg vidare i Berlin og deretter i Paris. Budde så nokre år i «fabrikkbyen» Roubaix, der han dreiv agenturhandel. I 1886 kjøpte han ein stor gard i Skånevik, flytta dit i 1892 og budde på garden til han døydde. Lokalt hadde han mange viktige verv, mellom anna medlem av formannskapet i heradet og leiar av sparebanken. Han fekk statsstipend og var 1898-99 i utlandet og studerte landbruksøkonomi, samvirke og kredittvesen.

Bull-Tornøe var 2. varamann til stortinget 1895-97 frå Søndre Bergenhus amt, møtte i 1896 fram til 22. juni. Stortingsperioden 1900-03 var han fast stortingsrepresentant frå same amtet, permittert frå 11. mai 1903. I 1896 var han medlem av Næringskomite nr 1, 1900-03 sat han i Landbrukskomiteen. På Tinget sokna han til den konservative partigruppa.

KjelderEndra