Opna hovudmenyen

Jacobus Clemens Non Papa

(Omdirigert frå Jacob Clemens non Papa)

Jacobus Clemens Non Papa, òg Clemens non Papa, Jacques Clément eller Jacob Clemens non Papa (født 1510 truleg i Middelburg i Flandern, død mellom 1556 og 1558 i Dixmuiden) var ein flamsk renessansekomponist.

Jacobus Clemens Non Papa
Føddca. 1510
FødestadMiddelburg i Belgia
Dødca. 1556
DødsstadDixmuiden i Belgia
FødenamnJacques Clément
AliasClemens non Papa, Jacob Clemens non Papa
OpphavBelgia
Aktiv1549-1559
SjangerRenessansemusikk
Verka somKomponist

BiografiEndra

Det eigentlege namnet hans var Jacques Clement, og det er usikkert kvifor han kalla seg sjølv «non Papa». Kanskje ville han ikkje blandast saman med diktaren Jacobus Papa som òg levde i Ieper (Ypres), eller kanskje han ikkje ville forvekslast med pave (papa) Klemens VII.

Ein kjenner lite til dei yngre åra hans, først seint på 1530-talet publiserte Pierre Attaingnant ei samling av chansonane hans i Paris. I 1544 vert Clemens non Papa nemnt som songmeister ved St. Donatian i Brugge, i 1550 som songar og komponist ved katedralen i ’s-Hertogenbosch.

MusikkEndra

Til forskjell frå mange av hans samtidige ser det ikkje ut til at Clemens var i Italia, det finst i alle fall ingen italiensk påverknad i musikken hans. Han var ein av dei viktigaste komponistane i epoken frå Josquin Des Prez til Giovanni Pierluigi da Palestrina og vart heldt for å vere motetten sin meister.

Med tanke på at karrieren hans berre varte i knapt to tiår var Clemens ein særs produktiv komponist.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra