Jakob Sande

norsk songar og skribent
(Omdirigert frå Jacob Sande)

Jakob Sande (1. desember 190616. mars 1967) var ein norsk forfattar og visesongar. Han vart fødd i Dale i Fjaler kommune i Sunnfjord. Sande debuterte i 1929 med diktsamlinga Svarte næter.

Jakob Sande

Jakob Sande 1929. Foto: Selmer Norland. Eigar: Jakob Sande-selskapet.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. desember 1906
Dale i Sunnfjord
Død

16. mars 1967 (60 år)
Oslo

Yrke Lektor
Sjanger Dikt, novelle, forteljingar
Born Siri Sande
Debut Svarte næter, 1929. Dikt.
Jakob Sande på Commons

Liv endre

Jakob Sande avla Cand.philol.-eksamen i 1932, og reiste deretter til sjøs. I 1935 vart han lektor i Fredrikstad, og etter andre verdskrigen arbeidde han som lektor i Oslo. I 1963 slutta Sande som lærar og byrja skrive på heiltid. Han fekk eit stipend på 15 000 kroner og var lova den same summen for dei neste to åra.

Jakob Sande henta det meste av stoffet frå sjømannslivet og livet i vestlandsbygdene. Dikta han skreiv vekslar mellom burlesk og til tider grotesk humor (til dømes i «Kallen og katten» og «Likfunn») til sterkt kjensleladde dikt som «Fløytelåt» og «Vesle Daniel». Jakob Sande har òg skrive seg inn i salmebøker med «Det lyser i stille grender», «Salme» og «Åndeleg sjømannssong».

Dei siste åra var Sande mykje sjuk, og han døydde natt til 16. mars 1967, 60 år gammal, av komplikasjonar etter eit slag. Han vart bisett frå Vestre Krematorium 21. mars på Gyldendals rekning. Under bisetjinga las ein to av dikta til Sande: «Julekveld» og «Åndeleg sjømannssong», og det var helsingar frå Den norske forfattarforeining, Gyldendal, Ullern Høyere Skole, Norsk Bokmannslag, Oslo mållag, Visens venner og NRK. Sjølve grava fekk han i Dale.[1]

Heider endre

Til minne om Jakob Sande vart det i 2001 avduka ein statue av Vesle Daniel i Dale sentrum. Daniel er ein sentral person i to av Sande sine dikt. Statuen er utforma av Sivert Donali. I 1966 vart det avduka ei byste av forfattaren, og Sande var sjølv til stades ved denne markeringa. Bysta står i dag ved Fjaler Ungdomsskule.

Jakob Sande-selskapet vart stifta i 1991 i Dale. Bak stiftinga stod Jakob Sande-vener frå heile Noreg.

Innspelingar og framsyningar endre

Mange av Jakob Sande sine dikt er blitt til kjende og kjære songar. På 1950-talet gjorde «Radiofantomene», Kurt Foss og Reidar Bøe mange fine innspelingar med dikt av Jakob Sande, som «Fabel», «Tusselåt» og «Stubb» (1951), «Fantefylgje» (1953), «Flyttelasset», «Kallen og katten», «Ola Jungmann» og «Sjømannsvise» (1954), «Da Daniel drog», «Musa i orgelet» (1956), «Kleppe-Marit» og «Den vesle jenta og folungen» (1957) og «Grannar» (1957).[2]

Jon Eikemo fekk Spellemannprisen 1979 i opa klasse for albumet Leser Jakob Sande.

I 1991 kom Jon Eikemo med framsyninga «Jakob Sande & Jon Eikemo, trur eg...», som vart ein stor suksess på Det Norske Teatret i Oslo, Den Nationale Scene i Bergen og seinare på turné i 1991-1992. Tekstane var sette saman av Vidar Sandem og musikken av Egil Monn-Iversen. Eikemo fekk kritikarprisen i 1992 for framsyninga.

Seinare har både Aftenlandet og Jubelhornet vore med å gjere Jakob Sande sine dikt kjende gjennom musikken. Ein annan som har tonesett og gjeve ut CD med tekstar av Jakob Sande er den færøyske visesongaren Hanus G. Johansen.

2006 var hundreårsjubileum for Jakob Sande, og det vart feira gjennom heile året.

Bibliografi endre

I tidsskrift - eit utval endre

Tekstar om Jakob Sande endre

Prisar og utmerkingar endre

Referansar endre

  1. Ove Eide. Jakob Sande. Liv og diktning. Samlaget, 2006 ISBN 978-82-521-6497-8, side 357-358
  2. Kurt Foss og Reidar Bøe hos www.ballade.no

Bakgrunnsstoff endre