Jacques Brel (8. april 19299. oktober 1978) var ein belgiskfødd komponist, poet, trubadur og skodespelar som var verksam i Frankrike. Frå 1950- til 1970-talet laga og framførte han ei lang rekkje songar som blei populære slagerar, først i Belgia og Frankrike og seinare i resten av verda.

Jacques Brel

Fødd8. april 1929
FødestadSchaerbeek
Død9. oktober 1978 (49 år)
DødsstadHôpital Avicenne
FødenamnJacques Romain Georges Brel
OpphavBelgia
Aktiv1953–1978
Sjangerchanson
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapBarclay, Philips Records, Universal Music Group
Verka somsongar, chansonnier, songar-låtskrivar, gitarist, komponist, filmskodespelar, filmregissør, skodespelar, lyrikar, skribent, manusforfattar
Gift medThérèse Michielsen
Sambuar medSuzanne Gabriello, Maddly Bamy
BornFrance Brel

Melodiane hans er både melankolske og energiske medan tekstane er litterære og tankevekkande, og tidvis òg humoristiske. Brel blir framleis rekna som ein meister innan chanson, den franske visetradisjonen.[1]

Liv og virke endre

Ungdom endre

Ved 15 års alder lærte Brel seg å spela gitar. Han slutt tidleg på skulen og byrja i staden å arbeida på kartongfabrikken til far sin, der han heller ikkje fann seg til rette.

Karriere som musikar endre

I 1953 flytta Brel til Paris for å byrja den musikalske karrieren sin. Han framførte songane sine på ulike klubbar og kroer rundt om i byen. Han rørte seg mellom ulike musikkstilar; blant anna folkemusikk, jazz og kabaret.

Den første songen hans som blei kjend for eit breiare publikum var «Quand on n'a que l'amour», som han skreiv i 1956. Brel skreiv nesten berre på fransk, men ein av dei mest populære songane sine, «Marieke», skreiv han på flamsk i 1961, då han òg laga ein nederlandsk versjon av «Ne me quitte pas»; «Laat me niet alleen».

Brel blei internasjonalt kjend då to av songane hans blei spelte inn i ei særs fri engelsk-amerikansk omsetjing, som «If You Go Away» og «Seasons in the Sun», framført av Rod McKuen 1964-1965.

Brel turnerte mykje og skreiv fleire populære songar, til dømes «Ne me quitte pas», «Le plat pays» og «Amsterdam», fram til 1967, då han kunngjorde at det var slutt på konsertane. Han ville i staden via seg til film, og medverka i fleire ulike prosjekt, både som skodespelar og regissør.

I franskspråklege land var Brel òg ein vellukka skodespelar med roller i ti filmar. Han regisserte sjølv to filmar, ein av dei, Le Far West, blei nominert til Gullpalmen ved filmfestivalen i Cannes i 1973.[2]

Brel gifta seg med Thérèse «Miche» Michielsen i 1950 og paret fekk tre born. Han hadde òg eit romantisk tilhøve til skodespelaren og dansaren Maddly Bamy frå 1972 og til han døydde i 1978.

Dei siste åra endre

I 1975 segla Brel til Marquesasøyene og gjekk i land på øya Hiva Oa. Der skreiv han mange nye songar, blant anna «Les Marquises» som handlar nettopp om sørhavsøyene. I 1977 spelte han inn si siste plate i Paris med songar han hadde skrive på øya.

9. oktober 1978 døydde han av lungekreft og blei gravlagd på Hiva Oa, nokre meter frå kunstnaren Paul Gauguin.

Innverknad endre

Sjølv om Brel spelte inn dei fleste av songane sine på fransk og tidvis på nederlandsk, blei han òg ein betydeleg inspirator og innverknad på engelskspråklege låtskrivarar og artistar som David Bowie, Alex Harvey, Leonard Cohen, Marc Almond og Rod McKuen. Engelske omsetjingar av songane hans blei spelte inn av fleire artistar i USA, som Ray Charles, Judy Collins, John Denver, The Kingston Trio, Nina Simone, Frank Sinatra og andre.[3] Til dømes blei songen «Le Moribond» frå 1961 kjend i engelskspråkleg versjon som «Seasons in the Sun» med Terry Jacks i 1973.

Etter å ha selt over 25 millionar plater verda over er Brel den fjerde mestseljande belgiske musikaren gjennom tidene.

Diskografi endre

Album
  • Grand Jacques (1954)
  • Quand On n'a Que l'Amour (1957)
  • Au Printemps (1958)
  • La Valse à Mille Temps (1959)
  • Marieke (1961)
  • Les Bourgeois (1962)
  • Les Bonbons (1966)
  • Ces Gens-Là (1966)
  • Jacques Brel 67 (1967)
  • J'arrive (1968)
  • L'Homme de la Mancha (1968)
  • Ne me quitte pas (1972)
  • Les Marquises (1977)
Konsertalbum
  • Enregistrement Public à l'Olympia 1961 (1962)
  • Enregistrement Public à l'Olympia 1964 (1964)
Samlingar og anna
  • Boîte à Bonbons (2003)
  • Infiniment (2003)
  • Chansons ou Versions Inédites de Jeunesse (2003)

Kjelder endre

  1. «Jacques Brel», RFI Musique.
  2. «Le Far West», Festival de Cannes. 1973.
  3. Ruhlmann, William: «Jacques Brel», AllMusic.