Jagarfly
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Jagarfly er kampfly laga primært for å avskjera eller nedkjempa andre fly. Jagarfly er som regel små, raske og lettmanøvrerte.
Historie
endreDen fyrste verdskrigen
endreI byrjinga av den fyrste verdskrigen var eigenskapar til fly i strid lite utforska. Ein nytta dei mest til rekognosering. Det fyrste fiendtlege møtet i lufta ein kjenner til[1] fann stad 15. august 1914, då serbiske Miodrag Tomić undre rekognosering over Austerrike-Ungarn møtte eit fiendtleg fly som skaut mot han med revolver, [2] og Tomić skaut tilbake.[3][4] Etter kort tid var alle serbiske og austerriksk-ungarske fly væpna.[2]
Somme oppfinnsame pilotar tok etterkvart med seg handgranatar eller jaktgevær, men etterkvart som ein innsåg potensialet i flyrekognosering, og behovet for å hindra ei slik fiendtleg aktivitet, fekk flya etterkvart montert eit maskingevær, som regel betent frå baksetet. Lade- og siktesystemet var for tungvint å fomle med for den som i tillegg skulle manøvrere flyet.
Det vart snart klårt at flya kunne brukast til å angripe fienden sine luftskip og observasjonsballongar. Dermed oppstod behovet for fly som kunne skyte ned fienden sine angrepsfly, og soleis kom jagarflyet til. For å få til effektiv eld mot motstandaren, vart maskingeværet festa framme på flyet, som regel framfor cockpiten. På denne måten vart flyet meir stabilt, og det vart lettare å sikte inn våpenet.
Men det vart ei utfordring å gje maskingeværeld gjennom propellen, utan at blada fekk skade av det. Løysinga til den kjende franske flygaren Roland Garros var å utstyre propellen med vernande metallplater der elden kunne råke. Seinare utvikla den hollandske flyingeniøren Anthony Fokker det fyrste jagarfly der elden frå maskingæveret var synkronisert med propellen. Då kunne maskingeværet ikkje skyte når propellblada stod framfor munningen.
Gjennom krigsåra utvikla jagarflyet seg frå to-seters fly med ein motor på om lag 100 hk og ein toppfart på 120 km/t, til einseters fly med om lag 200 hk, toppfart på ca. 200 km/t, ei og ei vekt på om lag 1 200 kg, væpna med to maskingevær i kaliber om lag 7 mm.
Den andre verdskrigen
endreVed utbrotet av krigen var dei fleste land sine flyvåpen dominert av fly som berre var litt betre enn dei som avslutta 1. verdskrigen.
Men ein ny generasjon jagarfly var utvikla. Små, lette eindekka fly med lukka cockpit som Hawker Hurricane og Messerschmitt Bf 109 viste seg overlegne i luftkamp. Dei hadde motor på om lag 1000 hk, ei vekt på over 2500 kg og ein toppfart på om lag 500 km/t. Væpninga var delvis flytta ut i vengene, og var framleis typisk maskingevær i kaliber kring 7 mm, men talet var auka til 6, 8 eller 12.
Det vart snart klårt at farten var avgjerande for å vinna luftkampar, og flya fekk stendig sterkare motorar. For å kunne kjempe i høg fart vart væpninga tyngre, og for å verne seg fekk flya pansring. Soleis vart jagarflya også både større og tyngre, og på slutten av krigen hadde fleire av dei mest effektive, som Lockheed P-38 Lightning og De Havilland Mosquito, fått to motorar kvar på over 1 500 hk, ei vekt på mellom 5 og 6 tonn, og ein toppfart på opp mot 700 km/t. Dei fleste jagarflya var no væpna med ei eller fleire kanoner i kaliber 20 mm, i tillegg til 2 til 8 maskingevær i kaliber 12,7 mm eller tilsvarande.
Gjennom krigen vart det utvikla nye roller for jagarflya. Ein fekk fly med stor rekkevidd, som P-51 Mustang, som kunne eskortera bombefly på tokt inn over fiendeland. Andre jagarfly vart utstyrte med radar for å kunne kjempe om natta. Andre igjen vert væpna med bomber og rakettar for å kunne angripe bakkemål. Grensa mellom jagarfly og bombefly vart utviska, og ein fekk det som vert kalla jagarbombefly.
Jetdrivne jagarfly
endreAlt før andre verdskrigen starta, byrja utviklinga av jagarfly drivne av jetmotor. Det første som vart operativt, var det tyske Messerschmitt Me 262 midt i 1944. Det hadde ein toppfart på 870 km/t og var væpna med fire 30 mm kanonar. Det var totalt overlegent dei propelldrivne motstandarane, men på grunn av mangel på drivstoff spela det ikkje den rolla det kunne ha gjort.
Det britiske Gloster Meteor kom i bruk like etter. Sjølv om desse tidlege jagarflya var langt raskare enn konvensjonelle jagarfly, var jetmotoren enno stor og tung i høve til krafta, han tolte lite, og var vanskeleg for piloten å fly med. Til same generasjonen høyrer tyske Arado Ar-162. Det til no einaste rakettdrivne jagarflyet Messerschmitt Me-163 Komet kan også nemnast her. Det vog 1,9 tonn og hadde ein toppfart på 960 km/t.
Etter den andre verdskrigen utvikla partane i den kalde krigen jagarflya vidare. Jetmotoren vart meir effektiv, og radar og anna elektronikk vart stadig meir avansert. Toppfart kunne no koma opp i over 2000 km/t, altså over 2 gonger lydfarten. Flya vart i aukande grad utstyrt med missilar som gjorde det mogleg å bekjempe fiendtlege fly på stadig lengre avstand, etter kvart opp til 100 km som med Vympel R-77 missilet.
Kamperfaring viste likevel at jagarfly ofte enda opp i nærkamp, slik at kanonvæpning vart innført att, no ofte som snøgtskytande maskinkanoner med roterande løp, som M-61 Vulcan.
Jagarfly vart gjennom etterkrigsåra ofte delt inn i dagjagar og allversjagar, alt etter kor omfattande utstyr flya hadde. Etter som utstyret er blitt meir avansert, er flya blitt så dyre i innkjøp, at det dei siste tiåra er vanleg å bruke same flyet i fleire rollar berre ved å skifte ut delar av elektronikk og utrusting, vi har fått eit multirollefly.
Dei nyaste jagarflya legg vekt på betre radar og andre sensorar; mindre infraraud- og radarsignatur, såkalla stealth-teknologi, og tilknyting til datanettverk for utveksling av informasjon med andre aktørar i lufta og på land og sjø.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
- ↑ Buttar, Prit (20. juni 2014). Collision of Empires: The War on the Eastern Front in 1914. Bloomsbury USA. ISBN 978-1-78200648-0 – via Google Books.
- ↑ 2,0 2,1 Glenny 2012, s. 316.
- ↑ Blume 1968, s. 291.
- ↑ Glenny 2012, s. 316; Buttar 2014, s. 298.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Fighter aircraft» frå Wikipedia på engelsk, den 2. april 2024.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ahlgren, Jan; Linner, Anders; Wigert, Lars (2002), Gripen, the First Fourth Generation Fighter, Swedish Air Force and Saab Aerospace, ISBN 91-972803-8-0
- Burton, James (1993), The Pentagon Wars: Reformers Challenge the Old Guard, Naval Institute Press, ISBN 978-1-61251-369-0
- Blume, August G. (1968). Miller, Jr., Thomas G., red. «Cross and Cockade Journal». History of the Serbian Air Force (Whittier, California: The Society of World War I Aero Historians) 9 (3).
- Coox, Alvin (1985), Nomonhan: Japan Against Russia, 1939, Stanford University Press, ISBN 0-8047-1160-7
- Coram, Robert (2002), Boyd: The Fighter Pilot Who Changed the Art of War, Little, Brown, and Company, ISBN 0-316-88146-5
- Cross, Roy (1962), The Fighter Aircraft Pocket Book, Jarrold and Sons, Ltd.
- Eden, Paul (2004), The Encyclopedia of Aircraft of WWII, Amber Books, Ltd, London, ISBN 1-904687-07-5
- Glenny, Misha (2012). The Balkans: 1804–2012. New York, New York: Penguin Books. ISBN 978-1-77089-273-6.
- Grove, Eric; Ireland, Bernard (1997), Jane's War at Sea, Harper Collins Publishers, UK, ISBN 0-00-472065-2
- Gunston, Bill; Spick, Mike (1983), Modern Air Combat, Crescent Books, ISBN 91-972803-8-0
- Hammond, Grant T. (2001), The Mind of War: John Boyd and American Security, Smithsonian Institution Press, ISBN 1-56098-941-6
- Huenecke, Klaus (1987), Modern Combat Aircraft Design, Airlife Publishing Limited, ISBN 0-517-412659
- Lee, John (1942), Fighter Facts and Fallacies, William Morrow and Company
- Munson, Kenneth (1976). Fighters Attack and Training Aircraft 1914-1919, Revised Edn, Blandford.
- Shaw, Robert (1985), Fighter Combat: Tactics and Maneuvering, Naval Institute Press, ISBN 0-87021-059-9
- Spick, Mike (1995), Designed for the Kill: The Jet Fighter—Development and Experience, United States Naval Institute, ISBN 0-87021-059-9
- Spick, Mike (1987), An Illustrated Guide to Modern Fighter Combat, Salamander Books Limited, ISBN 0-86101-319-0
- Spick, Mike (2000), Brassey's Modern Fighters, Pegasus Publishing Limited, ISBN 1-57488-247-3
- Sprey, Pierre (1982), «Comparing the Effectiveness of Air-to-Air Fighters: F-86 to F-18» (PDF), U.S. DoD Contract MDA 903-81-C-0312
- Stevenson, James (1993), The Pentagon Paradox: The Development of the F-18 Hornet, Naval Institute Press, ISBN 1-55750-775-9
- Stimson, George (1983), Introduction to Airborne Radar, Hughes Aircraft Company
- Stuart, William (1978), Northrop F-5 Case Study in Aircraft Design, Northrop Corp.
- Wagner, Raymond (2000), Mustang Designer: Edgar Schmued and the P-51, Washington, DC: Smithsonian Institution Press