Jakob Bersveinson Klukstad var ein norsk treskjerar, truleg fødd i Lom kommune kring 1705 og død på Lesja i 1773.[1]

Jakob Klukstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd ca. 1705
Lom kommune
Død

1773 (68 år)

Yrke treskjerar
Jakob Klukstad på Commons

Jakob Klukstad er eitt av dei mest framståande namn i norsk folkekunst. Han var ein dyktig treskjærar og rosemålar som førte akantusmotivet frå bykunsten over i bygdekunsten i Gudbrandsdalen.

Liv endre

Lite er kjent om Klukstad sitt tidlege liv, men etter tradisjonen skal han vere fødd i Lom kring 1705. Faren skal ha vore Bersvein båtbyggar. Han vart i 1734 gift med Anne Knutsdotter frå Lom. Frå 1746 er dei nemnd som kommunikantar i Lesja, og i 1747 fekk Klukstad bygslingssetel på husmannsplassen Nordistugu Klukstad under prestegarden i Lesja. Skiftet etter Klukstad vart halde i januar 1774. Han vart gravlagd ved Lesja kyrkje. Det står ein seinare minnestein på grava.

Læring og utvikling endre

Klukstad skal ha vore sjølvlært som treskjerar, og høyrer til første generasjon treskjerarar i akantustradisjon som utvikla seg i Gudbrandsdalen. Akantusornamentet kom til Gudbrandsdalen gjennom kyrkjekunsten. Klukstad var den lokale bygdekunstnaren som med stor dugleik fanga opp dei nye motiva og samstundes med at han forstod eigenarten til motivet utvikla det i sin eigen stil. Han har ein stor del av æra for at akantusornamentet vart treskjerarane sitt varemerke i bygdekunsten i Nord-Gudbrandsdalen. Han må ha lært mykje av å studere Lars Pinnerud sin preikestol i Dovre kyrkje og Lars Borg sine arbeide i kyrkjene på Kvam og i Sør-Fron. Klukstad utvikla sin personlege stil, der den lange, samanhengande ranken er det berande elementet i det som lokalt vart kalla krillskurd.

Arbeid endre

Klukstad vart kjent for sine spissledar. Ein slede som truleg er laga av han er på Maihaugen. Den er ein harmonisk oppbygd slede, der treskurd, rosemåling og smijernsarbeide er av same ypparste kvalitet. Ved sidan av å vere treskjerar skal Klukstad òg ha vore ein dyktig rosemålar, og målinga på sleden er truleg òg laga av han. Det er akantusornamentet som òg blir framstilt i måla form, i ein teknisk dyktig gjennomført stil. Det er ei monokrom framstilling av akantus i nærast plastisk form. Klukstad skal òg ha måla i større skala, nemleg interiøret i Lesja kyrkje, der benkevangar og galleribrystningar vart måla etter at den nye kyrkja vart bygd i 1750. Denne målinga er monokrom i blå nyansar i ei form av krillmåling – der motivet er ei samanblanding av marmorering og akantusornament.

Klukstad har òg laga en del skap. Hans hovudinnsats kom ved den store kyrkjebyggingsfasen som vart leigde inn medan han levde i Gudbrandsdalen, der han fekk fleire større oppdrag. Den første synest å ha vore preikestolen til Lesja kyrkje (1742–45). Som i Lars Borg sine barokke preikestolar nyttar han akantusornamentet oppblanda med blomsterornamentikk. Bladverket blir noko stivt. Til Skjåk kyrkje laga han i 1751 preikestol og altartavle, der altartavla er ei akantusramme kring to måleri. Her introduserer han den lange samanhengande ranken. Enda lenger framme i utviklinga ligg preikestolen og altartavla i Heidal kyrkje (1753–54). Preikestolen fekk tida si moderne runde form med akantus i stor målestokk. Det store meisterverket til Klukstad er altartavla til Lesja kyrkje.[2] Den var truleg ferdig i 1766. Den består av ein serie bildescener med skorne figurar omgitt av eit rammeverk av akantusranker. Akantusrankene har særs høgt relieff. I denne altartavla er han nyskapande i norsk samanheng ved at akantusdekoren ikkje berre flankerer bildefelta men omrammar dei fullstendig. Det er uklart om dette kan skuldast inspirasjon frå mindre importerte arbeide som spegelrammer, eller om han sjølv kan ha vore ute og sett andre arbeide. Det er freistande å samanlikne treskurden hans på Lesja med skurden på orgelgalleriet i Vår Frelsers kirke i København. Men tradisjonen fortel ikkje om utanlandsopphald for Klukstad sitt vedkommande. Klukstad sitt siste kjente arbeid er ei lita altartavle til Kors kyrkje i Romsdalen frå 1769.[3]

Klukstad vart viktig for seinare treskjerarar i Gudbrandsdalen. Sylfest Skrinde arbeidde saman med Klukstad, og ikkje minst Østen Kjørren og Skjåk-Ola er klare tradisjonsbærarar etter han.

Minnestein endre

I 2000 vart ein minnestein med eit portrett i ei gjennomskore bronseplate laga av Ola Enstad avduka ved Lesja kyrkje.

Bakgrunnsstoff endre

Referansar endre

  1. Jakob Bersveinson Klukkstad (P. Berg in "Årbok for Dølaringen", Lillehammer 1938)
  2. Lesja kyrkje (Innovation Norway)
  3. http://www.digitaltmuseum.no/things/altertavlen-i-kors-kirkelaget-av-jakob/ROM/R.Fot.13539?name=+Førkrig&search_context=1&count=1928&pos=10 Altartavla i Kors kyrkje på Digitalt museum

Kjelder endre

  • Kleiven, Ivar (1973) Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen: Lom og Skjaak (Forlagt Av H. Aschehoug & Co.) ISBN 978-82-03-05951-3
  • Stagg, Frank Noel (1956) The heart of Norway: A history of the central provinces (Allen & Unwin)