Jakob Rosted Suur Walnum (19. mars 185128. april 1925) var ein norsk prest og omstreifarmisjonær frå Grimstad.

Jakob Walnum
JakobWalnum.png
Fødd 19. mars 1851
Grimstad
Død

28. april 1925 (74 år)

Yrke prest, misjonær
Verv Sokneprest i Leikanger
Periode 1884-1897
Føregangar Jakob Sverdrup
Etterfylgjar Fredrik Bull-Hansen

Walnum tok examen artium i 1870, vart cand.theol i 1877 og tok praktisk-teologisk eksamen i 1880. Han tok over som sokneprest i Leikanger etter fetteren Jakob Sverdrup i 1884.

Jakob Walnum var formann i Midtre Sogns Indremisjon, Sogns Kreds af Søndagsskoler og den nyoppretta krinsen for totalavhaldsarbeidet. Jakob Walnum engasjerte seg sterkt for omstreifarane. Han var ei sterk drivkraft bak etableringa av Sogns Barneheim i 1891. Walnum forlet prestekallet i 1897 for å gå inn i arbeidet for dei heimlause på heiltid. Same året skipa han Den norske omstreifermisjon, og vart foreininga sin fyrste generalsekretær.

KjelderEndra