Opna hovudmenyen

Jakob våthatt er eit folkeleg namn på minnedagen for apostelen Jakob den 25. juli. Apostelen Jakob var ein av Jesu tolv læresveinar, son til Sebedeus og Salome og fetter til Jesus. Han vart Spanias nasjonalhelgen, og grava hans i Santiago de Compostela der han etter legenda vart gravlagd 25. juli år 44, er et av dei viktigaste pilegrimsmåla i kristen tradisjon.

Primstavmerket er ein hatt og eit muslingeskal (pilegrimane brukte ofte muslingskal som drikkebeger). I folkeleg tradisjon er muslingskalet omtolka til ein vassdrope, derav namnet Jakob våthatt.

Sidan 25. juli i det gamle landbruket fall midt i slåttonna, var merkedagar som spådde veret viktige. Denne dagen venta folk regn.

Sjå ògEndra

Kjelder:Endra