Orionsbeltet

(Omdirigert frå Jakobsstaven)
«Orions belte» omdirigerer hit. For boka av Jon Michelet, sjå boka Orions belte. For spelefilmen basert på boka, sjå filmen Orions belte.

Orionsbeltet, Orions belte eller Jakobsstaven er ein asterisme i stjernebiletet Orion. Det vert danna av dei tre stjernene Alnitak, Alnilam og Mintaka. Desse deler Orion vassrett i to på det smalaste, og dannar slik eit bilete av eit belte.

Bilete av Orionsbeltet
Illustrasjon av stjernene i Orionsbeltet merkte med dei greske bokstavane sine. Frå høgre mot venstre er Mintaka, Alnilam og Alnitak
Vitskapleg stjernenamn (latin) Arabisk stjernenamn Tradisjonelt stjernenamn
Delta Orionis (δ Ori) منطقة manṭaqah, ‘belte’ Mintaka
Epsilon Orionis (ε Ori) النظام an-niẓām, av نظم naẓm ‘perlekjede’ Alnilam (òg stundom skrive Alniham, Alnitam)
Zeta Orionis (ζ Ori) an-niṭaq, ‘livreima’ Alnitak
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.