Opna hovudmenyen

James Butler, 2. hertug av Ormonde

irsk politikar
(Omdirigert frå James Butler av Ormonde)

James Butler, 2. hertug av Ormonde KG KT (29. april 166516. november 1745) var ein irsk statsmann og soldat. Han var den tredje frå Kilcash-greina av familien som arva jarldømet Ormonde. Som bestefaren, den første hertugen, vart han oppfostra som protestant, i motsetnad til den større familien hans som heldt seg til den gamle religionen.

James Butler, 2. hertug av Ormonde
2nd Duke of Ormonde.JPG
Fødd 29. april 1665
Dublin
Død

16. november 1745
Avignon

Yrke politikar
James Butler, 2. hertug av Ormonde på Commons

Han tok kommando over eit kavaleriregiment i Irland i 1683 og tente så mot hertugen av Monmouth i slaget ved Sedgemoor (1685)..[1] Han var kommandant i slaget ved the Boyne i 1690.[1] I 1691 tente han på kontinentet under Vilhelm III, og etter dronning Anne tok over, varth an kommandant for landstyrken i samarbeid med Sir George Rooke i Spania, der han kjempa i slaget ved Cádiz og slaget ved Vigobukta.[1] Han tok over som statthaldar i Irland i 1703, ei stilling han hadde til 1707.

hertugen av Marlborough vart sagt opp frå stillinga si i 1711, vart Ormonde utpeikt som armékommandant og øvstkommanderande for dei britiske styrkane på kontinentet.

Etter å ha delteke i jakobittaropprøret i 1715, vart han tiltalt for høgforræderi den 21. juni 1715.[1] 8. august trekte han seg attende til Frankrike og kor tid etter vart eigedommane hans teken frå han og han mista alle embeta sine. Ormonde slo seg etter kvart ned i Spania, der han stod til teneste for hoffet og fekk pensjon frå krona. Han tok seinare del i den spanske planen om å invadere England, og sette James Francis Edward Stuart på den britiske trona i 1719, men flåten hans vart spreidd under eit uvêr nær Galicia.[1] Mot slutten av livet heldt han seg mykje i Avignon. [1] Ormonde døydde den 16. november 1745 og vart gravlagd i Westminster Abbey.[1]

KjelderEndra