James Newman

engelsk vokalist og låtskrivar

James Richard Newman (fødd 19. oktober 1985) er ein engelsk vokalist og låtskrivar frå Yorkshire, men basert i London. Han er bror til popartisten John Newman.[1] Under Brit Awards 2014 vann Newman pris i klassa «Årets britiske singel» som medkomponist for Rudimental-låten «Waiting All Night».[2] Han har òg samarbeidd med ei rekkje andre artistar, blant andre Ed Sheeran, Armin van Buuren og norske Matoma. Newman skulle ha representert Storbritannia i Eurovision Song Contest 2020 med songen «My Last Breath», men 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien.[3][4] Han representerte i staden Storbritannia i Eurovision Song Contest i 2021 med låten «Embers».[5] Der enda han på sisteplass med null poeng.[6]

James Newman
Fødd19. oktober 1985 (38 år)
FødestadSettle
OpphavStorbritannia
Aktiv2013–
Sjangerpop, elektropop
Instrumentgitar
PlateselskapBMG Rights Management
Verka somsongar-låtskrivar

Bakgrunn endre

Newman vart fødd i 1985 og vaks opp i Settle i North Yorkshire i Nord-England. Som barn vart han forlaten av far sin, og mora Jackie måtte ta seg av han og veslebroren John åleine. Mora forsørgde familien som resepsjonist, og kunne tena så lite som eitt pund om dagen. Allereie som barn fatta Newman interesse for musikk, og han skreiv og produserte låtar saman med veslebroren.[7][8]

I 20-åra etablerte Newman seg som låtskrivar i London, og han slo gjennom i 2013 som låtskrivar for «Waiting All Night», framført av Rudimental og Ella Eyre. «Waiting All Night» toppa britiske UK Singles Chart og vart kåra til årets britiske singel under Brit Awards 2014. Seinare fekk han ei ny hit med låten «Blame», framført av Calvin Harris og John Newman. Også denne låten gjekk til topps på den britiske singellista, og den toppa hitlistene i Finland, Sverige, Mexico og norske VG-lista.[9][10]

Newman har òg jobba med ei rekkje kjende artistar, blant andre kompisen Ed Sheeran, som song vokal på «Lay It All on Me» saman med Rudimental. Låten vart sertifisert med platina i både Storbritannia og USA. Newman har vorte Grammy-nominert to gonger, som medkomponist på låten «Coping» på Toni Braxton-albumet Sex & Cigarettes, og «Let 'Em Talk» frå Kesha-albumet Rainbow.[9]

Newman har òg vore vokalist på fleire songar. Den største hitten hans kom i 2018 då han samarbeidde med den nederlandske DJ-en Armin van Buuren. Saman nådde dei ein fjerdeplass på nederlandske Nederlandse Top 40 med låten «Therapy».[9][11] Same år hadde han vokalen på låten «Lights Go Down» på albumet One in a Million til den norske musikkprodusenten og DJ-en Matoma.[12]

27. februar 2020 kunngjorde BBC at Newman skulle representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Han skulle delta med låten «My Last Breath», som han hadde skrive saman med Adam Argyle, Ed Drewett og Iain James.[13] Sistnemnde jobba òg med den aserbajdsjanske vinnerlåten frå Eurovision Song Contest 2011, «Running Scared» med Ell & Nikki.[14] Som eitt av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Storbritannia direkte kvalifisert til finalen laurdag 16. mai 2020. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[15]

BBC vedtok i staden at Newman skulle få representere Storbritannia i finalen av Eurovision Song Contest 2021 laurdag 22. mai i Rotterdam i Nederland.[16] Han deltok med låten «Embers» og enda på sisteplass utan poeng frå korkje sjåarane eller fagjuryane. Dette var andre gong Storbritannia fekk null poeng i Eurovision Song Contest.[6]

Diskografi endre

Som songar endre

Singlar (hovudartist) endre

  • 2016 – «If You're Not Going to Love Me» (med DC Breaks)
  • 2018 – «Therapy» (med Armin van Buuren)
  • 2019 – «High on Your Love» (med Armin van Buuren)
  • 2020 – «My Last Breath»
  • 2021 – «Embers»

Singlar (medartist) endre

  • 2015 – «Coming Home» (Arno Cost feat. James Newman)
  • 2015 – «Daylight to Midnight» (Night Safari feat. James Newman)
  • 2018 – «Head Up» (Don Diablo feat. James Newman)
  • 2018 – «Lights Go Down» (Matoma feat. James Newman)

Referansar endre

  1. «International hit-makers coming to work with Kiwi artists». 
  2. «LA trip for surprise Brit Award winner James Newman». 
  3. «James Newman to represent United Kingdom in Eurovision 2020». BBC News. 27. februar 2020. Henta 27. februar 2020. 
  4. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  5. «James Newman - United Kingdom - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 10. mars 2021. 
  6. 6,0 6,1 «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  7. Tim Teeman (19. januar 2014). «John Newman interview: 'There are too many celebrities and not enough artists'». The Guardian. Henta 9. juni 2014. 
  8. Beatrice Odin (10. oktober 2013). «John Newman – “Alla skrattade åt mig”». Spotify. Arkivert frå originalen 8. juni 2014. Henta 9. juni 2014.  Arkivert 2014-06-08 ved Archive.is
  9. 9,0 9,1 9,2 «Singer-songwriter James Newman to Rotterdam for the UK». eurovision.tv. 27. februar 2020. Henta 27. februar 2020. 
  10. «norwegiancharts.com - Calvin Harris feat. John Newman - Blame». Henta 27. februar 2020. 
  11. Top 40, Stichting Nederlandse. «Armin Van Buuren Feat. James Newman - Therapy» (på nederlandsk). Henta 27. februar 2020. 
  12. «‎One In a Million by Matoma» (på engelsk). Henta 27. februar 2020. 
  13. Holden, Steve (27. februar 2020). «The UK announces its Eurovision 2020 entry». BBC News (på engelsk). 
  14. Duke, Simon (27. februar 2020). «The lowdown on UK Eurovision 2020 act James Newman». Henta 27. februar 2020. 
  15. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  16. «James Newman flying the flag for the United Kingdom» (på engelsk). 19. februar 2021. Henta 20. februar 2021.