Opna hovudmenyen

James Prescott Joule

britisk fysikar

James Prescott Joule (24. desember 181811. oktober 1889) var ein britisk fysikar og ølbrygga fødd i Salford nær Manchester i England.[1]

James Prescott Joule
SS-joule.jpg
Fødd14. desember 1818
Salford
Død11. oktober 1889
Sale i Stor-Manchester
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdefysikk
Yrkefysikar
Alma materUniversity of Manchester
EktefelleAmelia Grimes
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences
Accademia delle Scienze di Torino
Skisse av Joule sitt vassrøreeksperiment for å finna samanhengen mellom mekanisk arbeid og varme.

Gjennom studiar av varme kom han fram til at han hadde likskapar med arbeid, og er dermed ein av grunnleggjarane av læra om varme som ei form for energi. Arbeidet hans leidde også til formuleringa av den første loven innan termodynamikk. Joule samarbeidde med lord Kelvin om å utvikla ein absolutt temperaturskala, studerte magnetostriksjon (at ein gjenstand endrar storleik ved magnetisering) og oppdaga Joules lov.

Joule blei vald inn i Royal Society i 1850 og fekk fleire utmerkingar, mellom anna Royal Medal og Copleymedaljen. SI-eininga for arbeid, joule, er kalla opp etter han.[1]

Prisar og utmerkingarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: James Prescott Joule
  Denne fysikkartikkelen som har med historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. 1,0 1,1 «James Prescott Joule» i Store norske leksikon, snl.no.