Jan-Carl Raspe

Jan-Carl Raspe (24. juli 194418. oktober 1977) var ein av dei leiande personane i den tyske terrororganisasjonen Rote Armee Fraktion. Raspe var flyktning frå DDR og blei rekruttert til RAF medan han studerte i Berlin på midten og slutten av 1960-talet. På slutten av 1960-talet hadde Raspe eit seksuelt forhold til den norske presten Øyvind Foss, som har fortalt om sine opplevingar med Raspe i boka Jeg elsket en terrorist. Et oppgjør med Baader-Meinhof. Denne boka skapte furore i Noreg då den kom ut i 1981. Raspe vart funnen død i Stamheim-fengslet hausten 1977 saman med dei andre RAF-leiarane Andreas Baader og Gudrun Ensslin, den offisielle dødsårsaka var sjølvmord.

Jan-Carl Raspe
Fødd 24. juli 1944
Seefeld in Tirol
Død

18. oktober 1977 (33 år)
Stammheim-fengselet

Yrke politisk aktivist
Jan-Carl Raspe på Commons
Felles gravstøtte, Andreas Baader, Gudrun Ensslin og Jan-Carl Raspe på Dornhaldenfriedhof i Stuttgart-Degerloch.
Ôg minnesmer for Baader, Raspe, Ensslin
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.