Jan Davidsen

norsk politikar

Jan Davidsen Raa (fødd 24. juli 1949) har sidan 2015 vore leiar for Norsk Pensjonistforbund. Han var leiar for arbeidstakarorganisasjonen Fagforbundet frå 2003 til 2013,[1] det desidert største fagforbundet i Noreg med over 400 000 medlemmer.[2]

Jan Davidsen

Fødd24. juli 1949 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Alle verv
  • styreleiar (Norsk Pensjonistforbund, 2015–Ukjent) Sjå dette på Wikidata

Karriere endre

Davidsen er utdanna brannmann, og har i tillegg arbeidd som renovatør. Han starta den fagpolitiske verksemda si i fagforeininga til brannmennene i Norsk Kommuneforbund i Bergen. Han leidde Fagforbundet frå og med det vart stifta i 2003 då LO-forbundet Norsk Kommuneforbund vart slått saman med det tidlegare YS-forbundet Norsk Helse- og Sosialforbund, han heldt fram som leiar fram til 2013. Før dette leidde han òg Norsk Kommuneforbund i ei årrekkje (frå 1993). Som leiar tok han mellom anna initiativ til å opprette organisasjonen For velferdsstaten og prosjekta «En verdig alderdom – en livsgaranti» og «Modellkommuneprosjektet».

Jan Davidsen har fast plass i LO-sekretariatet, og blir rekna som ein nær alliert av tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla. I tillegg til at han har sentrale verv i fagrørsla både nasjonalt – til dømes som medlem av LO-sekretariatet sidan 1990 – og internasjonalt. I tillegg sat Davidsen i sentralstyret i Arbeidarpartiet. Han har også hatt styreverv i Kommunal landspensjonkasse, og han har vore styremedlem i A-pressen sidan 2006.

Kjelder endre

  1. «Jan Davidsen» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Om Fagforbundet» (på norsk bokmål). Fagforbundet. Henta 9. august 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  • «Den røde edderkoppen» av Bjørg Aftret på Dagbladet.no (21. november 2009).
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Davidsen, Jan» av Rolf Utgård i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).