Jan Simonsen

norsk politikar

Jan Simonsen (3. mars 195312. august 2019)[1] var ein norsk journalist og politikar frå Stavanger. Han vart fire gongar vald til stortingsrepresentant for Framstegspartiet, men siste fire åra, 2001-05, var han partiuavhengig då han vart utvist frå Framstegspartiet. Åge Simonsen er tvillingbroren.

Jan Simonsen

Fødd3. mars 1953
Stavanger kommune
Død12. august 2019 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiDemokratane (2001)
Yrkepolitikar, redaktør
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Moderat Ungdom
Alle verv

Liv og politikk endre

Jan Simonsen tok i 1976 og -77 grunnfag i samfunnsfag og historie ved Rogaland distriktshøgskole. Dei neste åra var han redaktør 1979-81 i lokalavisa Strandbuen, 1981-82 i Video- og TV-guiden og 1982-86 i partiorganet Fremskritt.

På 1970-talet var Simonsen aktiv i Unge Høgre, ein periode var han nestleiar i Rogaland Unge Høgre. Då Per Danielsen vart ekskludert frå partiet, melde han seg ut av Høgre og tok steget over til Framstegspartiet. Perioden 1978-81 var han sentralstyremedlem i ungdomsforeininga til partiet (FpU), og bystyremedlem 1980-83 for Framstegspartiet.

Inn på Stortinget endre

I 1989 vart Simonsen vald til stortingsrepresentant for Rogaland og Framstegspartiet. Den fyrste fireårsperioden var han nestleiar i Kyrkje- og undervisningskomiteen. I 1991 vart han vald til nestleiar i Framstegspartiet, men vart bytta ut allereie i 1993. Etter attval til Stortinget var Simonsen frå 1993 til 2001 medlem i Justiskomiteen. Her markerte han seg ved å gå inn for ein strengare kriminalpolitikk, og ei restriktiv linje i innvandringsspørsmål.

Hausten 2000 kom Simonsen i konflikt med partileiinga på grunn av TV 2 sitt dokumentar-program Rikets tilstand. Simonsen gjekk elles til sak mot TV 2 for ulovleg avlytting og mot partileiar Carl I. Hagen for ærekrenkingar. TV 2 vann saka, men Oslo byrett retta kritikk mot programskapar Gerhard Helskog for å ha opptredd «nær grensen til det utillatelige». Saka mot Carl I. Hagen enda med frifinning i både tingretten og i Borgarting lagmannsrett.

Utstøytt endre

Konflikten med partileiinga enda med at Simonsen vart ekskludert frå Framstegspartiet hausten 2001. Men Simonsen vart nær samstundes attvald til stortinget, då han enno var medlem i partiet. Perioden 2001-05 vart han ståande åleine i stortinget, utan reell innverknad i noko sak. I staden markerte han seg med å støtte USA då landet invaderte Irak i mars 2003. I mai same året gjorde han framlegg om å gje Nobels fredspris til USA-presidenten George W. Bush og statsminister Tony Blair i Storbritannia for invasjonen av Irak. Simonsen hevda at krigen kom til å spare mange menneskeliv, og at den hindra statsleiar Saddam Hussein i å utvikle atomvåpen og andre masseøydeleggingsvåpen. Han grunngav det også med at ein ved å styrte det irakske regimet hadde fått muligheita til å bygge eit demokratisk regime med respekt for menneskerettane.

Simonsen stilte seg elles heilhjarta bak staten Israel under den andre intifadaen (2000-05). Våren 2004 sende han til dømes gratulasjonsbrev til den israelske regjeringa der han sa seg glad for det militære angrepet som lukkast drepe Hamas-leiaren Ahmed Yassin våren 2004. Han har sidan delteke i fleire støttemarkeringar til fordel for Israel.

Simonsen var langt unna å verte attvald då han i 2005 toppa partiet Demokratane si valliste i Rogaland.

Skribent endre

År 2001 kom Simonsen ut med sjølvbiografien Ikke helt A-4. Seinare har han gitt ut romanar og bøker i andre sjangrar.

Kjelder endre

  1. «Jan Simonsen er død». www.abcnyheter.no (på norsk). 12. august 2019. Henta 13. august 2019.