Johannes Hendricus Maria Smit (fødd 31. desember 1985 i Volendam), betre kjend som Jan Smit, er ein nederlandsk songar, programleiar, skodespelar og fotballeiar.

Jan Smit

Fødd31. desember 1985 (38 år)
FødestadVolendam
FødenamnJohannes Hendricus Maria Smit
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv1996–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somprogramleiar, arrangementvert, songar, skodespelar, låtskrivar
PrisarGouden Harp, offiser i Oranje-Nassau-ordenen, Goldene Stimmgabel

Smit byrja karrieren som tiåring, under namnet Jantje Smit, i gutegruppa Volendam MWN. Seinare lanserte han ein solokarriere før han i 2015 vart med i den nederlandske slagergruppa KLUBB3, og vidare i slagergruppa De Toppers i 2017. Som programleiar har han jobba med program som De beste zangers van Nederland og TROS Muziekfeest. Sidan 2011 har han kommentert Eurovision Song Contest. Smit vart vald til å leie Eurovision Song Contest i 2020 saman med Edsilia Rombley og Chantal Janzen. Den 18. mars 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst på grunn av koronapandemien i Europa vinteren 2020.[1] I staden leia han erstatningsprogrammet Eurovision: Europe Shine a Light i mai 2020, i tillegg til å leie Eurovision Song Contest 2021.[2]

Smit syng vanlegvis på nederlandsk innan sjangrane pop, slager og danseband.[3] Han har også vore ambassadør for SOS Barnebyar og er styremedlem i fotballklubben FC Volendam.[4]

Kjelder

endre
  1. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. mars 2020. 
  2. «The 4 ways to make Eurovision 2021 happen». eurovision.tv (på engelsk). 18. september 2020. Henta 19. september 2020. 
  3. eurovision.tv (4. desember 2019). «Exclusive: Introducing the Eurovision 2020 presenters!». EBU. Henta 4. desember 2019. 
  4. Jan Smit nieuwe voorzitter FC Volendam, FC Volendam, 2. mai 2022.