Janeth Jepkosgei Busienei (fødd 13. desember 1983) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå Kapsabet som etter tur vann gull, sølv og bronse på 800 meter i verdsmeisterskapar i friidrett, dessutan vann ho OL-sølv på same distansen i 2008.

Janeth Jepkosgei

Statsborgarskap Kenya
Fødd 13. desember 1983 (40 år)
Kabirirsang
Yrke mellomdistanseløpar
Språk engelsk
Høgd 167 centimeter
Janeth Jepkosgei på Commons

Aktiv endre

Jepkosgei byrja nærma seg verdstoppen på 800 m i 2005-sesongen, då ho sette personleg rekord med 1.57,82. I mars 2006 vann ho distansen under samveldeleikane i Melbourne på tida 1.57,88, framfor Kenia Sinclair frå Jamaica og Maria Mutola frå Mosambik. Den 11. juli same året sette ho kenyansk rekord med 1.56,66 og vann i Lausanne-stemnet framfor toppløparar som Mutola og kubanske Zulia Calatayud. Ein månad seinare vart Jepkosgei afrikameister på Mauritius, Mutola kom på andreplass og algeriske Nouria Mérah-Benida på tredje.

I finalen under VM 2007 i Osaka var Jepkosgei heilt utilnærmeleg. Ho leia 800-meterløpet frå start til mål og forbetra den den kenyanske rekorden til 1,56,04, hennar livs snøggaste løp på distansen. Dermed vann ho med nesten eitt sekunds margin til sølvvinnaren, og stod for årsbeste i verda for andre året på rad. Året etter sprang Jepkosgei like fort i OL-finalen i Beijing og fekk sølv på sluttida 1.56,07, men var på oppløpet sjanselaus mot landskvinna Pamela Jelimo som vann på 1.54,87. Også i VM 2009 i Berlin tok Jepkosgei sølvmedaljen på 800 m, hårfint framom britiske Jennifer Meadows og ukrainske Julija Krevsun, vinnaren Caster Semenya var det ingenting å gjere med. To år seinare kompletterte Jepkosgei medaljesamlinga då ho vann bronsen på 800 m i Daegu-VM 2011 på tida 1.57,42.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre