Janice Pendarvis
Janice Gadsden Pendarvis er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og stemmeskodespelar.[1] Ho har arbeidd med artistar som Sting, David Bowie,[2] Steely Dan,[3] Peter Tosh, Brandy, The O'Jays, Philip Glass, Jimmy Cliff, Laurie Anderson, The Naked Brothers Band og The Rolling Stones. Pendarvis song korvokal for Sting på det første soloalbumet hans The Dream of the Blue Turtles, som vart nominert til Grammyprisen for årets album i 1986. Ho tok òg del i den første soloturneen hans i lag med Dolette McDonald som hamna på konsertalbumet og filen Bring on the Night. Dei song òg i lag på det neste studioalbumet til Sting ...Nothing Like the Sun. Og til slutt i 2001 song ho på Sting-konsertalbumet ...All This Time.
Janice Pendarvis | |||
Opphav | USA | ||
---|---|---|---|
Sjanger | crossover jazz | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, musikar |
Diskografi
endre- 1974 : Feel Like Makin' Love av Roberta Flack
- 1977 : Jungle Girl/It Ain't Easy - singel av Tamara Dobson
- 1978 : Evolution (The Most Recent) av Taj Mahal
- 1979 : City Connection av Terumasa Hino
- 1981 : Holding Out My Love To You av Max Romeo
- 1985 : The Dream of the Blue Turtles av Sting
- 1986 : Dirty Work av The Rolling Stones - i lag med Dolette McDonald on korvokal
- 1986 : Bring On the Night av Sting
- 1986 : Magnetic Love av Steps Ahead
- 1986 : Songs From Liquid Days av Philip Glass
- 1986 : Home of the Brave (soundtrack) av Laurie Anderson
- 1987 : ...Nothing Like the Sun av Sting
- 1990 : Terumasa Hino av Terumasa Hino
- 2001 : ...All This Time av Sting
- 2008 : I Don't Want to Go to School av The Naked Brothers Band - filmmusikkalbum
- 2013 : The Next Day av David Bowie
Filmar
endre- 1978 : The Wiz av Sidney Lumet - songar
- 1985 - 1986 : American Masters av Susan Lacy - TV-serie - seg sjølv
- 1986 : Bring On the Night av Michael Apted - seg sjølv
- 1986 : Home of the Brave: A Film by Laurie Anderson - seg sjølv
- 1990 : Green Card av Peter Weir - Songar
- 1997 - 2014 : Behind the Music av Gay Rosenthal - TV-serie - seg sjølv
- 2001 : Sting ...All This Time av Jim Gable - seg sjølv
- 2004 - 2017 : The Apprentice av Mark Burnett - TV-serie - seg sjølv
- 2013 : 20 Feet from Stardom av Morgan Neville - seg sjølv
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Janice Pendarvis» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Baker, Joan (Jun 1, 2005). Secrets Of Voice-Over Success: Top Voice-over Artists Reveal How They Did It. Sentient Publications. s. 65–69. ISBN 1-591-81033-7.
- ↑ Friedman, Roger. «David Bowie New Album Streaming on iTunes».
- ↑ «2K Musikarar and Touring Bands | Steely Dan». Arkivert frå originalen 21. april 2016. Henta 11. mars 2013.