Janne Formoe

norsk skodespelar

Janne Miriam Rudolfsen Formoe (fødd 13. juli 1975) er ein norsk profesjonell skodespelar frå Kristiansand. Ho er best kjend som Sunniva i Kaptein Sabeltann-framsyningane i Dyreparken, 14 sesongar på rad frå ho var ung tenåring. Ho scenedebuterte i juli 1990 i barneshowet.[1]

Janne Formoe
Fødd13. juli 1975 (48 år)
FødestadKristiansand kommune
Aktive år1990–
Verka somskodespelar, stemmeskodespelar
FarTerje Formoe

Janne Formoe var programleiar i ZTV Norge, i programserien Pop TV i 1995–1996. I Oslo og Kristiansand hadde ho stor suksess med einmannsframsyninga Neverending Story i 2004.[2][3] Formoe vart uteksaminert frå Statens Teaterhøgskole i 2000. Etter at ho var ferdig med teaterskolen vart ho engasjert av Teater Ibsen og Trøndelag Teater. I 2003 kom ho til Nationaltheatret. I 2008 deltok ho i TV 2-serien Skal vi danse.[4]

I 2010–2012 spelte ho rolla som Mona Lizzie Olsen i Hotel Cæsar.[5] Somrane 2014, 2015 og 2016 var ho medprogramleiar i Sommer i Dyreparken på TV2. Sidan 2014 har ho også spilt Eva, ei av hovudrollene i den norske komedieserien Neste sommerTVNorge.

Familie endre

Formoe er dotter av den folkekjære underhaldningsartisten og forfattaren Terje Formoe, som er best kjend som skaparen av Kaptein Sabeltann's verd. Janne Formoe var sambuar med Jan Fredrik Karlsen fram til desember 2006, og dei har ei dotter saman.

Kjelder endre

  1. Gundersen, John-Arne Ø (10. april 2007). «Janneloven». Dagbladet.no (på norsk). Henta 13. januar 2019. 
  2. Fantoft, Sissel (17. mars 2004). «Janne alene». Dagbladet.no (på norsk). Henta 13. januar 2019. 
  3. «Janne Formoe (28)». www.vg.no (på norsk). 26. mars 2004. Henta 13. januar 2019. 
  4. «Janne Formoe». Filmweb.no (på norsk). Henta 13. januar 2019. 
  5. «Her sjekker Janne Formoe inn på Hotel Cæsar». www.vg.no (på norsk). 20. januar 2010. Henta 13. januar 2019.