Opna hovudmenyen
«1863 Polonia» måla av Jan Matejko. Polen og Litauen, symbolisert av to unger kvinner, blir lenka.

Januaroppreisten (polsk Powstanie Styczniowe, litauisk 1863 m. sukilimas, kviterussisk Паўстанне 1863-1864 гадоў) var ein oppreist i det tidlegare polsk-litauiske samveldet (dagens Polen, Litauen, Kviterussland, Latvia og delar av Ukraina og vestlege delar av Russland). Oppreisten braut ut 22. januar 1863 og varte fram til dei siste opprørarane blei fanga i 1865.

Oppreisten byrja som ein spontan protest frå unge polakkar mot militærteneste i den russiske hæren. Dei fekk snart støtte frå høgtståande litauiske offiserar og politikarar. Opprørarane var likevel i mindretal og hadde underlegne våpen, og måtte falle tilbake på geriljataktikk. Dei klarte ikkje å vinna nokre store slag eller ta større byar eller russiske festningar. Oppreisten blei slått ned med harde represaliar, som offentlege avrettingar og deportasjon til Sibir. Den mislukka oppreisten fekk mange polakkar til å oppgje væpna makt mot styresmaktene og heller fokusera på såkalla organisk arbeid (praca organiczna) som skulle byggja nasjonen frå grunnen av.

KjelderEndra