Jaroslavl

by i Russland

Jaroslavl (russisk Ярославль) er ein by sentralt i Russland og hovudstad i Jaroslavl oblast. Byen ligg ved elva Volga, om lag 280 kilometer nord for Moskva. Det gamle sentrumsområdet av byen vart i 2005 erklært som verdsarvstad av UNESCO. Jaroslavl er ein av byane i den såkalla gylne sirkelen av russiske mellomalderbyar.

Jaroslavl
Ярославль
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Jaroslavl oblast
Høgd 100 m
Areal 205,80 km²
Folketal 567 443 (1. januar 2024)
Grunnlagd 1010
Postnummer 1500xx
Retningsnummer +7 4852
Bilnummer 76
Kart
Jaroslavl
57°37′00″N 39°51′00″E / 57.616666666667°N 39.85°E / 57.616666666667; 39.85
Wikimedia Commons: Yaroslavl

Jaroslavl skal ha blitt grunnlagt i 1010 av Jaroslav den Vise for å forsvara Kievriket mot trugsmål nordfrå. Han er fyrste gongen nemnt i 1071. I 1218 vart Jaroslavl senter for eit uavhengig fyrstedøme. I 1238 vart byen erobra og plyndra av mongolane. Det uavhengige fyrstedømet Jaroslavl vart i 1463 oppslukt av det ekspanderande fyrstedømet Moskva. På 1600-talet var byen den nest største i Russland, og under den polske okkupasjonen av Moskva i 1612 fungerte Jaroslavl som hovudstad. Under den russiske revolusjonen kom byen under sovjetisk kontroll allereie i oktober 1917. I juli 1918 vart eit kontrarevolusjonært opprør slått hardt ned av bolsjevikane. Frå 1936 er byen senter for Jaroslavl oblast.

I dag er Jaroslavl eit viktig industrisenter. Her finst mellom anna petrokjemisk fabrikk, dekkfabrikk, motorfabrikk og fabrikk for produksjon av syntetisk gummi. I byen er det mange institusjonar for høgare utdanning, Demidov universitet, polyteknisk universitet, Usjinskij pedagogiske universitet, medisinsk akademi og Internasjonalt universitet for handel og ny teknologi.

Byen er eit viktig transportknutepunkt, med fem jernbanelinjer, fire hovudvegar og elvehamn på Volga.

I Jaroslavl står Spaso-Preobrazjenskij-klosteret frå 1500-talet, og fleire 1600-tals kyrkjer.

Fotballaget Sjinnik Jaroslavl (også skrive Shinnik) spelte i 2005 i den russiske eliteserien. Laget har på ny kvalifisert seg for spel i eliteserien i 2008.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Jaroslavl