Javanesisk
(Omdirigert frå Javanesisk språk)
Javanesisk er eit austronesisk språk som blir snakka av over 75 millionar menneske på øya Java i Indonesia. Det er dermed om lag det 13. mest tala språket i verda. Javanesisk høyrer til den malayopolynesiske språkgreina, og er dermed i slekt med begge dei to andre store språka i området, indonesisk og malayisk.
Javanesisk Basa Jawa | ||
Klassifisering | Austronesisk Malayopolynesisk Javanesisk Javensisk | |
Bruk | ||
Tala i | Indonesia Malaysia | |
Rangering | 13 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | jv | |
ISO 639-2 | jav | |
ISO 639-3 | jav | |
Wikipedia på javanesisk |
Andre stader i verda er språket i slekt med karibisk javanesisk, som blir snakka av etterkomarar til utvandra javanesarar i Surinam, og kaledonsk javanesisk, som blir snakka på Ny-Caledonia. Desse variantane er blitt såpass ulike javanesisk at dei blir rekna som eigne språk.
Bakgrunnsstoff
endre- Javanese Arkivert 2010-12-30 ved Wayback Machine. - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Javanesisk» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mars 2012.
- Fotnotar