Jean Philippe

fransk songar

Jean Philippe (fødd 1931) er ein fransk songar.

Jean Philippe
Eurovisie Songfestival 1962 te Luxemburg, voor Zwitserland Jean Philippe, Bestanddeelnr 913-6591.jpg
Fødd1931 (90 år)
FødestadFrankrike
AliasJean Philippe
OpphavFrankrike
Sjangerchanson
Instrumentvokal
Verka somsongar, plateartist

EurovisionEndra

Nasjonal uttaking i 1959Endra

Den franske kringkastaren skal ha heldt ein nasjonal uttaking til Eurovison Song Contest 1959, men ingen detaljar om dette er offentleggjort. Han fekk representere Frankrike med songen «Oui, oui, oui, oui».

Eurovision Song Contest 1959Endra

Han starta som nummer ein i finalen, før Danmark med «Uh, jeg ville ønske jeg var dig» av Birthe Wilke.

Bidraget fekk fire poeng frå Danmark og Vest-Tyskland, to poeng frå Monaco og Belgia og eitt poeng frå Italia, Sveits og Austerrike. Frankrike fekk til saman 15 poeng og enda på tredjeplass av totalt elleve bidrag.

Intern uttaking i 1962Endra

Den sveitsiske kringkastaren valde Philippe og songen «Le retour» som sitt bidrag i Eurovision Song Contest 1962.

Eurovision Song Contest 1962Endra

Han starta som nummer elleve i finalen, etter Noreg med «Kom sol, kom regn» av Inger Jacobsen og før Jugoslavia med «Ne pali svetlo u sumrak» av Lola Novaković.

Bidraget fekk to poeng frå Vest-Tyskland. Sveits fekk til saman to poeng og enda på tiandeplass, saman med Danmark og Noreg, av totalt 16 bidrag.

KjelderEndra