Opna hovudmenyen

Jean Sibelius

finsk komponist

Johan Julius Christian Sibelius (8. desember 186520. september 1957) var ein finsk komponist av klassisk musikk. Saman med arbeidet til Johan Ludvig Runeberg og Veikko Antero Koskenniemi er Sibelius' musikk synonymt med den finske nasjonalidentiteten.

Jean Sibelius
Jean Sibelius.jpg
Fødd 8. desember 1865
Tavastehus
Død

20. september 1957
Ainola, Träskända

Yrke komponist, dirigent, musikkforskar, universitetslærar, fiolinist
Jean Sibelius på Commons
Jean Sibelius.

Johan Sibelius voks opp i ein finlandssvensk familie i Tavastehus i Finland, som då var eit russisk storhertugdøme. Familien bestemte seg for å sende Jean til ein finskspråkleg skule. Dette meiner ein var eit uttrykk for den finske nasjonalismen, som skulle bli viktig for Sibelius' kunstnariske produksjon.

Komposisjonane han er mest kjend for er Finlandia, Valse Triste, fiolinkonserten, Kareliasuiten, Tuonela-svana, fleire verk som var inspirert av Kalevala og sju nummererte symfoniar.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jean Sibelius