Jeannette Altwegg

Jeannette Eleanor Wirz (fødd Altwegg; 8. september 193018. juni 2021) var ein kunstløpar som representerte Storbritannia. Ho vart verdmsmeister 1951 og olympisk meister 1952 i singelløp, begge åra vart ho også europameister.

Jeannette Altwegg


Jeannette Altwegg under VM 1951.

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 8. september 1930
Mumbai
Død

18. juni 2021 (90 år)
Bern

Idrett Kunstløp
Tok del i

figure skating at the 1952 Winter Olympics – ladies' singles, figure skating at the 1948 Winter Olympics – ladies' singles

Utmerkingar

kommandør i den britiske imperieorden

Karriere

endre

Altwegg vart fødd i Bombay i India, med skotsk mor og sveitsisk far. Ho voks opp i Liverpool. Under Vinter-OL 1948 i St. Moritz sikra ho seg bronsemedaljen i singelløp. Ho kom også på tredjeplassen i så vel EM 1949 som VM 1949. Sesongen etter kleiv ho ho opp på sølvplassen ved EM i kunstløp 1950 i Oslo, og ved VM 1950 i London. Vinteren 1951 skøyta Altwegg til EM-gull i Zürich og VM-gull i Milano. Etter å ha sigra i singelløpet under Kunstløps-VM 1952 og Vinter-OL 1952 i Oslo, la Altwegg opp.

Ho var gifta med ein sveitsar og busette seg i Sveits.

Kjelder

endre