Jeff Beck

britisk gitarist

Geoffrey Arnold Beck (24. juni 194410. januar 2023) var ein engelsk rockegitarist. Han var ein av tre kjende gitaristar som spelte med The Yardbirds, der dei to andre var Eric Clapton og Jimmy Page. Beck skipa The Jeff Beck Group og med Tim Bogert og Carmine Appice skipa han Beck, Bogert & Appice.

Jeff Beck

Fødd24. juni 1944
FødestadWallington
Død10. januar 2023 (78 år)
DødsstadWadhurst
FødenamnGeoffrey Arnold Beck
OpphavStorbritannia
Aktiv1964–2023
Sjangerrock, blues, bluesrock, jazz-fusion
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapEMI, Atco Records, Epic Records
Verka somgitarist, komponist, jazzgitarist, låtskrivar, musikkprodusent, plateartist, rockemusiker, rockesanger
PrisarGrammy Award for Best Rock Instrumental Performance, MOJO Awards, Rock and Roll Hall of Fame

Mykje av musikken til Beck var instrumental, med eit fokus på nyskapande lyd, og utgjevingane hans varierte i sjangrar frå bluesrock og hardrock til ein gitarbasert electronica. Sjølv om Beck spelte inn to hitalbum i 1975 og 1976 som soloartist, fekk han den same kommersielle suksessen som dei to andre gitaristane i Yardbirds.[1][2] Beck spelte på album med Rod Stewart, Mick Jagger, Tina Turner, Morrissey, Jon Bon Jovi, Malcolm McLaren, Kate Bush, Roger Waters, Donovan, Stevie Wonder, Les Paul, Zucchero, Cyndi Lauper, Brian May, Stanley Clarke, Screaming Lord Sutch, ZZ Top og Toots and the Maytals.[3]

Beck vart rangert som den femte beste gitaristen gjennom tidene av magasinet Rolling Stone, som har skildra han som ein av dei viktigaste sologitaristane i rocken,og var avbilda på framsida av magasinet tre gonger.[4] Han vert ofte kalla «gitaristane sin gitarist».[1] Beck har blitt mykje kritikarrost og fått Grammyprisen for beste rockeinstrumentalar seks gangar og beste popinstrumental ein gong. I 2014 fekk han den britiske Ivor Novello-prisen for bidraga sine til britisk musikk.[5] Beck er blitt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger: som medlem av The Yardbirds (1992) og som soloartist (2009).

Tidleg liv endre

Geoffrey Arnold Beck var fødd den 24. juni 1944 av foreldra Arnold og Ethel Beck ved 206 Demesne Road i Wallington i England.[6] Som tiåring song Beck i eit kyrkjekor.[7] Han gjekk på Sutton Manor School.[8] Som tenåring lærte han seg å spele på ein lånt gitar og gjorde fleire forsøk på å byggje sitt eige instrument, først med å lime og stifte saman sigarboksar til ein kasse og ein upolert gjerdestolpe som hals, med strengar frå eit modellfly og banda måla på. Då han laga ein hals på det andreforsøket brukte han mål frå ein bassgitar.

Beck har omtalt Les Paul som den første gitaristen som imponerte han.[9] Beck har sagt at han først høyrde ein elektrisk gitar då han var seks år gammal og Paul spelte «How High the Moon» på radio. Då han spurte mora om kva det var svarte ho at det var ein elektrisk gitar og at det berre var lureri. Han sa «Det skal eg gjere».[10] Cliff Gallup, sologitarist for Gene Vincent and the Blue Caps, var òg ei tidleg inspirasjonskjelde, etterfølgd av B.B. King og Steve Cropper.[11]

Då han var ferdig på skulen, studerte han ved Wimbledon College of Art, og arbeidde i korte periodar som målar og dekoratør, oppsynsmann på ein golfbane og billakkerar. Syster til Beck, Annetta, introdusere han for Jimmy Page då dei begge var tenåringar.[12]

Karriere endre

1960-åra endre

Medan han framleis gjekk på Wimbledon College of Art spelte Beck i ei rekkje grupper, som Screaming Lord Sutch and the Savages i 1962 då dei spelte inn «Dracula's Daughter»/«Come Back Baby» for Oriole Records.[13][14]

I 1963, etter at Ian Stewart frå The Rolling Stones introduserte han for RnB, skipa han The Nightshift som han spelte med på 100 Club i Oxford Street, og spelte inn ein singel, «Stormy Monday»/«That's My Story», for Piccadilly Records.[14][15]

Beck slutta i Nightshift for å bli med i The Tridents i oktober1964. The Tridents spelte på The Walton Hop i Walton-on-Thames, og som akkompagnement for Walton Hop talentshow. Beck vart for ein kort periode med i The Rumbles, eit band frå Croydon, som sologitarist, og spelte Gene Vincent- og Buddy Holly-songar. Han viste der eit talent for å etterlikne gitarstilar. Seinare i 1963 vart han med i The Tridents, eit band frå Chiswick-området. «Dei var opp i gata mi fordi dei spelte rein R&B, som Jimmy Reed-ting, og me trykka til og gjorde det meir rockeprega. Eg likte godt det, sjølv om det berre var 12-taktsblues.» [16] Han var studiogitarist på ein singel frå 1964 for Parlophone av The Fitz and Startz kalla «I'm Not Running Away» med B-sida «So Sweet».

I mars 1965 vart Beck henta inn av The Yardbirds som erstattar for Eric Clapton etter ei tilråding frå Jimmy Page, som hadde vore førstevalet deira.[17] The Yardbirds spelte inn dei fleste hitsongane sine medan Beck var medlem. Han var berre med i bandet i 20 månader, men var med på ei albuminnspeling, Roger the Engineer (kalla Over Under Sideways Down i USA), som kom i 1966. Beck vart måla på plateomslaget til For Your Love, som kom ut på det amerikanske selskapet til The Yardbrds i juni 1965, sjølv om Clapton spelar på dei fleste songane. Frå september til november 1966 spelte både Beck og Page i The Yardbirds. Page kom først inn i bandet som bassist[17] i juni det året. Eit klipp av denne utgåva av bandet er å sjå i den britiske filmen Blow Up frå 1966.

Beck fekk sparken under ein amerikansk turné med Yardbirds, fordi han ikkje alltid møtte opp til konsertane og vanskar med perfeksjonismen hans og det valdsame temperamentet.[18] Etter å ha slutta i The Yardbirds, spelte Beck inn «Beck's Bolero» (med Jimmy Page, John Paul Jones, Nicky Hopkins og Keith Moon) og to solosinglar som vart hittar i Storbritannia, «Hi Ho Silver Lining» og «Tallyman». Han skipa så The Jeff Beck Group, som ein kort periode bestod av tidlegare Shadows-medlemmet Jet Harris på bass, Rod Stewart på vokal, Ronnie Wood på først rytmegitar og sidan bass, Nicky Hopkins på piano og, etter ei rekkje trommeslagarar, etter kvart Micky Waller tidleg i 1967.

Gruppa gav ut to album or Columbia Records (Epic i USA): Truth (august 1968) og Beck-Ola (juli 1969). Truth kom ut fem månader før det første Led Zeppelin-albumet, og inneheld «You Shook Me», ein song skriven og først spelt inn av Muddy Waters, som òg Led Zeppelin spelte på debutplata med eit liknande arrangement.[15] Det selde godt (nådde 15. plassen på Billboard-lista). På Beck-Ola vart trommeslagaren Micky Waller erstatta av Tony Newman, og sjølv om det vart godt teken i mot, selde det ikkje så bra. Krangling og eit par hendingar på turneane deira førte til at gruppa vart oppløyst i juli 1969.

Nick Mason skreiv i sjølvbiografien sin at han i 1967 ønskte Beck som erstattar for Syd Barrett i Pink Floyd[19] men «ingen av oss våga å spørje han.»[20] I 1969, etter Brian Jones døydde, vart Beck spurt om å bli med i The Rolling Stones.[18]

Etter gruppa hans vart oppløyst, tok Beck del i Music from Free Creek under namnet «A.N. Other» der han spelte sologitar på fire songar og skreiv ein song. I september 1969 slo han seg saman med rytmeseksjonen i Vanilla Fudge: bassisten Tim Bogert og trommeslagaren Carmine Appice (då dei var i England for å løyse eit kontraktsproblem), men då Beck fekk eit brot i hovudskallen etter ei bilulukke nær Maidstone i desember, vart planane lagt på is dei neste to og eit halvt åra, og Bogert og Appice skipa Cactus i mellomtida. Beck sa seinare om 60-åra: «Alle tenkjer på 1960-åra som noko dei ikkje var. Det var ei frustrerande tid i livet mitt. Det elektroniske utstyret var ikkje på linje med dei lydane eg hadde i hovudet mitt.»[21]

1970-åra endre

I 1970, då Beck hadde blitt frisk att, skipa han eit band med trommeslagaren Cozy Powell. Beck, Powell og produsenten Mickie Most flydde til USA og spelte inn fleire songar i det kjende Motown-studioet Studio A i Hitsville U.S.A. med The Funk Brothers, husbandet til Motown, men resultata er aldri blitt gjevne ut. I april 1971 hadde Beck fylt opp bandet sitt med gitaristen og vokalisten Bobby Tench, klaverspelaren Max Middleton og bassisten Clive Chaman. Det nye bandet spelte som «The Jeff Beck Group» men hadde ein heilt annan stil enn den første besetninga.

Rough and Ready (oktober 1971) var det første albumet dei spelte inn. Beck skreiv eller var medlåtskrivar på seks av dei sju songane på albumet (utanom ein skriven av Middleton) og dei inneheldt element av soul, rhythm-and-blues og jazz, som eit varsel om retninga musikken til Beck tok seinare i tiåret.

 
Beck i 1973

Eit andre album Jeff Beck Group (juli 1972) vart spelt inn i TMI Studio i Memphis i Tennessee med den same besetninga.[22] Beck tok inn Steve Cropper som produsent[23] og albumet var sterkt prega av soul. Fem av ni songar var coverlåtar av amerikanske artistar. Ein song, «I Got to Have a Song», var den første av fire Stevie Wonder-songar som Beck spelte inn. Kort tid etter albumet Jeff Beck Group kom ut, vart bandet oppløyst og manageren til Beck gav ut ei melding som sa: «Blandinga av musikkstilane til dei forskjellige medlemmane har vore ein suksess, men dei følte ikkje at det hadde ført til ein ny musikkstil med den styrken dei opphavleg hadde prøvd å få til.»[24]

Beck byrja så å samarbeide med bassisten Tim Bogert og trommeslagaren Carmine Appice, som var ledige etter at Cactus vart oppløyst, men fortsette å turnere som The Jeff Beck Group i august 1972 for å fullføre turnékontraktar med ei besetning som bestod av Bogert, Appice, Max Middleton og vokalisten Kim Milford. Etter seks konsertar vart Milford erstatta av Bobby Tench, som vart flydd inn frå Storbritannia[25] for ein konsert på Arie Crown Theatre i Chicago og resten av turneen,[26] som enda ved Paramount North West Theatre i Seattle. Eter turneen slutta Tench og Middleton i bandet og powertrioen Beck, Bogert & Appice opptod: Appice tok rolla som vokalist, medan Bogert og Beck stundom medverka med vokal.[27]

Dei spelte på Rock at The Oval i september 1972, men vart då framleis kalla «The Jeff Beck Group». Dette markerte starten på ein turné i Storbritannia, Nederland og Tyskland. Dei la ut på ein annan amerikansk turné i oktober og november 1972.[28] I april 1973 kom albumet Beck, Bogert & Appice på Epic Records. Sjølv om det fekk god kritikk selde det ikkje så godt, utanom coverversjonen deira av Stevie Wonder-hitten «Superstition».

3. juli 1973 spelte Beck på ein konsert med David Bowie på songane «The Jean Genie»/«Love Me Do» og «Around and Around». Konserten vart innspelt og filma, men ingen av dei utgjevne utgåvene inneheld klippa med Beck. I oktober 1973 spelte Beck på songar for Michael Fennelly-albumet[29] Lane Changer og var med på innspelingar med Hummingbird, eeit band som oppstod frå The Jeff Beck Group, men medverka ikkje på det utgjevne, sjølvoppkalla albumet deira.[30]

Tidleg i januar 1974 spelte Beck, Bogert & AppiceRainbow Theatre, som ein del av ein europeisk turné. Heile konserten vart send på det amerikanske radioprogrammet Rock Around the World i september same året. Denne innspelinga inneheldt songar bandet hadde tenkt å spele inn for eit andre album, og finst på piratkopiplata At Last Rainbow. Songane «Blues Deluxe» og «BBA Boogie» frå denne konserten kom seinare ut på Jeff Beck-samlinga Beckology (1991).[31]

Beck, Bogert & Appice vart oppløyst i april 1974 før et andre studioalbumet deira (produsert av Jimmy Miller) var ferdig. Konsertalbumet deira, Beck, Bogert & Appice Live in Japan, vart spelt inn under konsertane deira i Japan i 1973, men kom ikkje ut før i februar 1975 på Epic/Sony.

Etter eit par månader gjekk Beck inn i Underhill Studio og møtte gruppa Upp, som han rekrutterte som akkompagnement for framføringa hans på BBC-programmet Guitar Workshop i august 1974. Beck produserte og spelte på det sjølvoppkalla debutalbumet deira, og det andre albumet deira, This Way Upp, men bidraga hans på det andre albumet var ikkje omtalt på plateomslaget. I oktober byrja Beck å spele inn instrumentalar ved AIR Studios med Max Middleton, bassisten Phil Chen og trommeslagaren Richard Bailey, med George Martin som produsent og arrangør.

Soloalbumet hans, Blow by Blow (mars 1975), var basert på desse innspelingane og synte Beck som ein teknisk dyktig gitarist innan jazzrock. Albumet nådde fjerdeplassen på albumlista i USA, og vart det bestseljande albumet hans. Beck nytta ofte overdubbing og var ofte misnøgd med soloane sine, og han var derfor mykje attende i AIR Studios før han var nøgd. Eit par månader etter innspelinga var over, fekk produsenten George Martin ein telefon frå Beck, som ønskte å gå i studio for å spele ein gitarsolo om att. Martin svarte forvirrande: «Eg er lei for det, Jeff, men plata er alt i butikkane!»[9]

 
Beck i Amsterdam i 1979

Beck sette saman eit konsertband for ein turné i USA, og heldt ein liten, uannonsert konsert i The Newlands Tavern i Peckham i London. Han turnerte gjennom april og mai 1975, og varma hovudsakleg opp for Mahavishnu Orchestra, med Max Middleton på klaverinstrument, men ein ny rytmeseksjon som bestod av bassisten Wilbur Bascomb og den kjende studiotrommeslagaren Bernard «Pretty» Purdie.

I mai 1975 vart Beck frustrert under ein konsert i Cleveland i Ohio (Music Hall) med ein tidleg versjon av ein talkbox han brukte på Beatles-songen «She's a Woman», og etter at han sleit ein streng, kasta han den legendariske Stratocaster-gitaren, frå Yardbirds-tida hans, frå scenen. Det same gjorde han med talkboxen og fullførte konserten på ein Les Paul og utan boksen. Under turneen spelte han på Yuya Uchida sin «World Rock Festival», og spelte totalt åtte songar med Purdie. I tillegg spelte han ein gitar- og trommeinstrumental med Johnny Yoshinaga og, mot slutten av festivalen, vart han med i ein jam på scenen med Felix Pappalardi frå Mountain og vokalisten Akira «Joe» Yamanaka frå Flower Travellin' Band. Berre settet hans med Purdie vart innspelt og gjeve ut.

Han gjekk i studio att og spelte inn Wired (1976) med den tidlegare Mahavishnu Orchestra-trommisen Narada Michael Walden og klaverspelaren Jan Hammer. Albumet bestod av jazzrock ssom minna om musikkstilen til dei to musikarane han samarbeidde med. For å marknadsføre albumet slo Beck seg saman med Jan Hammer Group, og spelte på ein konsert som oppvarmingsartist for Alvin Lee ved The Roundhouse i mai 1976, før han la ut på ein sju månader lang verdsturné. Dette førte til konsertalbumet Jeff Beck with the Jan Hammer Group Live (1977).

På dette tidspunktet var Beck i skatteeksil og budde i USA, der han vart verande til han flytta heim att til Storbritannia hausten 1977. Våren 1978 byrja han å øve med den tidlegare Return to Forever-bassisten Stanley Clarke og trommeslagaren Gerry Brown til ein konsert på Knebworthfestivalen, men dette vart avlyst etter at Brown trekte seg. Beck turnerte tre veker i Japan i november 1978 med eit band sett saman for høvet med Clarke og nykomarane Tony Hymas (klaverinstrument) og Simon Phillips (trommer) frå bandet til Jack Bruce.

Dei byrja å arbeide på eit nytt studioalbum i The Who sitt Ramport Studios i London og fortsette sporadisk gjennom 1979 til albumet There & Back kom ut i juni 1980. Det inneheld tre songar komponert av og innspelt med Jan Hammer, medan fem songar var skrivne av Hymas. Stanley Clarke vart erstatta av Mo Foster på bass, både på albumet og dei påfølgjande turneane. Etter albumet kom ut la Beck ut på lange turnear i USA, Japan og Storbritannia.

1980-åra endre

I 1981 spelte Beck med Eric Clapton på den Amnesty International-sponsa veldedige konserten The Secret Policeman's Other Ball. Han spelte med Clapton på «Crossroads», «Further on up the Road», og sitt eige arrangement av Stevie Wonder sin «Cause We've Ended As Lovers». Beck spelte òg på avslutningssongen «I Shall Be Released» med Clapton, Sting, Phil Collins, Donovan og Bob Geldof. Ein kan sjå og høyre bidraga til Beck i albumet og filmen som kom ut til stor suksess i 1982. Ein annan veldedig konsert, ARMS Concert for multippel sklerose inneheld ein jam med Beck, Eric Clapton og Jimmy Page. Dei framførte «Tulsa Time» og «Layla». I 1985 gav Beck ut Flash med forskjellige vokalistar, mellom andre den tidlegare bandkollegaen Rod Stewart på ei utgåve av Curtis Mayfield sin «People Get Ready». Då Stewart vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1992, heldt Beck talen hans og sa om Stewart, «Me har eit elsk/hatforhold – han elskar meg og eg hatar han.»[32][33] I denne perioden spelte Beck mykje for andre arrtistar, mellom anna i filmen Twins, der han spelte gitar med songaren Nicolette Larson.

Etter ein fire år lang pause, kom Beck attende med instrumentalmusikkalbumet Jeff Beck's Guitar Shop (1989), det første albumet der Beck spelar fingerstil utan plekter. Det var berre det tredje albumet hans i 1980-åra. Mykje av årsaka til at han spelte inn så få album på denne tida, kom av at han sleit med tinnitus på grunn av langvarig eksponering for høg musikk.

1990-åra endre

 
Beck på Enmore Theatre i Sydney.

I 1990-åra vart Beck meir aktiv att. Han spelte sologitar på Roger Waters-albumet Amused to Death i 1992 og på Kate Bush-albumet The Red Shoes i 1993.

Han spelte inn det instrumentale filmmusikkalbumet Frankie's House (1992), og albumet Crazy Legs (1993), eit hyllestalbum til rockabillygruppa frå 50-talet, Gene Vincent and the Blue Caps og den innverknadsrike gitaristen deira Cliff Gallup.

Beck øvde med Guns N' Roses for konserten deira i Paris i 1992, men spelte ikkje på konserten på grunn av ein øyreskade han fekk av Matt Sorum sin cymbal, som gjorde at han vat mellombels døv.[34] The Yardbirds vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1992. I takketalen hans sa Beck på moro:

« Nokon sa til meg at eg burde vere stolt i kveld ... Men det er eg ikkje, fordi dei sparka meg ut. ... Det gjorde dei ... Til helvete med dei![35] »

Han akkompagnerte Paul Rodgers frå Bad Company på albumet Muddy Water Blues: A Tribute to Muddy Waters i 1993. Den neste utgjevinga til Beck kom ikkje før i 1999, då han gav ut det førte albumet sitt med gitarbasert electronica, Who Else!. Albumet markerte òg første gongen Beck samarbeidde med ein kvinneleg musikar, Jennifer Batten.[36] Det var òg første gongen han spelte med ein annan gitarist på sine eigne songar etter han slutta i The Yardbirds. Beck fortsette å arbeide med Batten fram til turneen etter You Had It Coming i 2001.[37]

2000-åra endre

Beck fekk den tredje Grammyprisen for beste rockeinstrumental for songen «Dirty Mind» frå You Had It Coming (2001).

Songen «Plan B» frå albumet Jeff i 2003 gav Beck den fjerde Grammyprisen hans for beste rockeinstrumental. Jeff Beck var oppvarming for B.B. King sommaren 2003 og spelte på Eric Clapton sin Crossroads Guitar Festival i 2004. I 2004 spelte Beck på songen «54-46 Was My Number» av Toots and the Maytals på albumet True Love som vann Grammyprisen for beste reggaealbum.[3][38]

 
Beck med Tal Wilkenfeld i 2007 på Crossroads Guitar Festival-turneen.

I 2007 akkompagnerte han Kelly Clarkson på versjonen hennar av Patty Griffin sin «Up to the Mountain», under Idol Gives Back-episoden av American Idol. Framføringa vart spelt inn og kort tid etter gjeven ut for sal. Same året spelte han igjen på Clapton sin Crossroads Guitar Festival, i lag med Vinnie Colaiuta, Jason Rebello og den då 21 år gamle bassisten Tal Wilkenfeld.

Beck annonserte ein verdsturné i 2009 med den same besetninga han spelte med to år tidlegare. Beck spelte på songen «Black Cloud» på Morrissey-albumet Years of Refusal i 2009, og seinare det året vart Harvey Goldsmith manageren til Beck.[39]

Beck vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 4. april 2009 som soloartist.[40] Prisen vart presentert av Jimmy Page. Beck framførte «Train Kept A-Rollin'» med Page, Ronnie Wood, Joe Perry, Flea og Metallica--medlemmane James Hetfield, Robert Trujillo, Lars Ulrich, Kirk Hammett og Jason Newsted.[41]

Den 4. juli 2009 spelte David Gilmour med Beck på scenen i Albert Hall. Beck og Gilmour utveksla soloar på «Jerusalem» og avslutta konserten med «Hi Ho Silver Lining».

2010-åra endre

Beck-albumet Emotion & Commotion kom ut i april 2010. Det var ei blanding av originale songar og coverlåtar som «Over the Rainbow» og «Nessun Dorma». Joss Stone og Imelda May var med på gjestevokal.[42] To songar frå Emotion & Commotion vann Grammyprisar i 2011: «Nessun Dorma» vann prisen for beste popinstrumental og «Hammerhead» vann prisen for beste rockeinstrumental.[43] Beck samarbeidde på «Imagine» i 2010 på Herbie Hancock-albumet The Imagine Project i lag med Seal, P!nk, India.Arie, Konono N°1, Oumou Sangare og andre, og fekk ein tredje Grammy i 2011 for beste popsamarbeid med vokal for songen.[44][45]

På verdssturneen til Beck i 2010 spelte han med Narada Michael Walden på trommer, Rhonda Smith på bass og Jason Rebello på klaverinstrument. Han gav òg ut konsertalbumet Live and Exclusive frå Grammy Museum den 25. oktober 2010. 9. juni 2010 spelte Beck og bandet til Imelda May inn ein konsert som mkom ut på DVD med fleire Les Paul-songar.

I 2011 fekk Beck to æresgradar frå britiske universitet. Den 18. juli 2011 fekk han ein æresgrad hos University of the Arts London for musikkbidraga hans.[46] Han vart òg æresdoktor ved University of Sussex den 21. juli 2011.[47][48]

I 2013 vart det annonert at Beck skulle spele med Beach Boys-grunnleggjaren Brian Wilson på det nye soloalbumet hans (i lag med Al Jardine og David Marks) på Capitol Records.[49] Nettsida til Wilson annonserte at songane kunne kome til å bli delt inn i tre album: Eit nytt med popsongar, eit anna med hovudsakleg instrumentalar med Beck og eit tredje med songar frå begge to kalla «The Suite».[50] Beck spelte òg med Wilson (i lag med Jardine og Marks) på atten konsertar hausten 2013.

I 2014 gav Beck ut ein CD med tre spor kalla Yosogai i høve ein verdsturné han byrja i Japan. Det kom ut 5. april.[51] I november 2014 spelte han med Joss StoneThe Royal British Legion's Festival of Remembrance i Royal Albert Hall. Han gav ut albumet Loud Hailer i 2016.

Stil og innverknad endre

 
Beck i 2009 på MOJO Awards.

Beck er ein av dei mest innverknadsrike gitaristane i rockehistoria.[4][52][53] Som inspirasjonskjelder har Jeff Beck omtalt Les Paul,[9] The Shadows, Cliff Gallup, Ravi Shankar, Roy Buchanan,[54] Chet Atkins, Django Reinhardt, Steve Cropper og Lonnie Mack.[55]

Sjølv om Beck ikkje var den første rockegitaristen som eksperimenterte med elektronisk forvrenging, var han med på omdefinere lyden og rolla til den elektriske gitaren i rockemusikken. Beck sitt arbeid med The Yardbirds og The Jeff Beck Group-albumet Truth frå 1968 var viktige innan utviklinga av heavy metal, som sprang ut for fullt tidleg i 1970-åra.[56]

Beck vart rangert på femteplassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane.[57]

Diskografi endre

Studioalbum
Samarbeidsalbum

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Jeff Beck» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2018.
  • Carson, Annette (2001). Jeff Beck: Crazy Fingers. Backbeat Books. ISBN 978-0-87930-632-8. 
  • Foster, Mo; Cunningham, Mark (2000) [1997]. 17 Watts?: The Birth of British Rock Guitar. Sanctuary. ISBN 978-1-86074-267-5. 
  • Hjort, Christopher; Hinman, Doug (2000). Jeff's Book :A Chronology of Jeff Beck's Career 1965–1980: From the Yardbirds to Jazz-Rock. Rock 'n' Roll Research Press. ISBN 978-0-9641005-3-4. 
  • Heslam, David (1992). The NME Rock'n'Roll Years. Hamlyn. ISBN 978-0-600-57602-0. 
  • Joynson, Vernon (1998). The Tapestry of Delights – The Comprehensive Guide to British Music of the Beat, R&B, Psychedelic and Progressive Eras (3rd utg.). Borderline. ISBN 978-1-899855-09-4. 
  • Mason, Nick; Dodd, Philip (2005). Inside Out: A Personal History of Pink Floyd. Chronicle Books. ISBN 978-0-8118-4824-4. 
  • Power, Martin (2012) [2011]. Hot Wired Guitar: The Life of Jeff Beck (e-book). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-810-2. 
  1. 1,0 1,1 MSNBC Picture Stories (2008). «The gitarist's player». Top Ten Rock Guitarists. MSNBC. Arkivert frå originalen 21. april 2008. Henta 31. mars 2018. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «Jeff Beck». AllMusic. Henta 31. mars 2018. 
  3. 3,0 3,1 Power, Martin (10. november 2014). Hot Wired Guitar: The Life of Jeff Beck. Omnibus Press. s. 608–. ISBN 978-1-78323-386-1. Henta 22. juli 2017. 
  4. 4,0 4,1 «Jeff Beck Biography». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 30. august 2011. Henta 31. mars 2018. 
  5. Pakinkis, Mike (22. mai 2014). «Ivor Novello Awards 2014: All the winners». Music Week (London, England: Intent Media). Henta 31. mars 2018. 
  6. Power 2012, s. 9.
  7. Power 2012, s. 12.
  8. «Sutton residents gain access to more than four million ancestor». Sutton Lib Dems (på engelsk). 6. april 2016. Arkivert frå originalen 25. juni 2018. Henta 27. juni 2018. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Foster & Cunningham 2000, s. 13, 119, 120, 315.
  10. Ventre, Michael (7. februar 2011). «Jeff Beck still rocks—and rolls in his hot rods». msnbc.com. Arkivert frå originalen 27. juni 2018. Henta 27. juni 2018. 
  11. Intervju med VH1 History of Rock and Roll.
  12. https://www.bbc.co.uk/programmes/b0b0g902
  13. David Terralavoro and Dick Wyzanski. «Jeff Beck Discography». ainian.com. Arkivert frå originalen 18. april 2018. Henta 27. juni 2018. 
  14. 14,0 14,1 Alan Clayson (2003). Peter Buckley, red. The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 79. 
  15. 15,0 15,1 Martin Power (10. november 2014). Hot Wired Guitar: The Life of Jeff Beck. Music Sales Limited. s. 41. 
  16. Carson 2001, s. 29.
  17. 17,0 17,1 «Yardbird – How He Became England's» (PDF). Hit Parader. April 1966. Arkivert frå originalen (PDF) 17. september 2010. Henta 30. januar 2010. 
  18. 18,0 18,1 «Eric Clapton And Jeff Beck: The Death of a Musical Revolution». Seattle Post-Intelligencer. 26. april 2011. Henta 27. juni 2018. 
  19. K Whitlock. «Record Collector Interview». Pink Floyd & Co fan website. Arkivert frå originalen 14. februar 2001. Henta 27. juni 2018. 
  20. Mason & Dodd 2005.
  21. Heslam 1992, s. 292.
  22. Graves, Tom. «Jeff Beck Group Review». Allmusic. Henta 27. juni 2018. 
  23. Hjort & Hinman 2000, s. 115.
  24. Hjort & Hinman 2000, s. 122.
  25. Hjort & Hinman 2000, s. 123.
  26. Joynson 1998, s. 415.
  27. Hjort & Hinman 2000, s. 124.
  28. Hjort & Hinman 2000, s. 125–131.
  29. Thomas, Bryan. «Michael Fennelly». allmusic.com. Henta 31. juli 2009. 
  30. Hjort & Hinman 2000, s. 146.
  31. Bruce Eder. «Beckology». Allmusic.com. Henta 16. februar 2009. 
  32. «Inductee explorer | Rock & Roll Hall of Fame». Rockhall.com. Arkivert frå originalen 21. juni 2018. Henta 27. juni 2018. 
  33. Tim Ewbank; Stafford Hildred. «Rod Stewart: The New Biography». Books.google.com. s. 300. Henta 27. juni 2018. 
  34. «Jeff Beck's Music Business Lessons». Clash. 27. april 2010. Henta 27. juni 2018. 
  35. «Jeff Beck-Hall of Fame Speech». YouTube. 23. mars 2008. Henta 27. juni 2018. 
  36. Saulnier, Jason (23. juli 2008). «Jennifer Batten Interview». Music Legends. Henta 27. juni 2018. 
  37. Blackett, Matt. «Rock: Riffs-Jennifer Batten.» Guitar Player. Vol. 42.9. Sept. 2008
  38. «Awards | GRAMMYs». GRAMMY.com. Henta 22. juli 2017. 
  39. BBC Desert Island Discs Harvey Goldsmith
  40. Run-D.M.C., Metallica nominated for Rock & Roll Hall of Fame Associated Press 22. september 2008 Arkivert 27. juni 2018 ved Wayback Machine.
  41. «The Associated Press: Run-DMC, Metallica lead list of 2009 Rock Hall». google.com (News). Arkivert frå originalen 23. januar 2009. Henta 28. januar 2010. 
  42. «Jeff beck, Emotion & Commotion». Rolling Stone. 13. april 2009. Arkivert frå originalen 24. januar 2010. Henta 27. juni 2018. 
  43. «The 2011 Grammy winners list: Who took home the gold?». USA Today. 14. februar 2011. Henta 27. juni 2018. 
  44. «The Imagine Project». All About Jazz. 21. juni 2010. Henta 29. november 2010. 
  45. «Jeff Beck ties Lady Gaga with three Grammys». dailyrecord.com. 14. februar 2011. Henta 27. juni 2018. 
  46. «Jeff Beck receives an Honorary Fellowship from University of the Arts London and University of Sussex». imagitarist. 19. juli 2011. Henta 27. juni 2018. 
  47. «Guitarist Jeff Beck receives honorary degree in Sussex». BBC. 21. juli 2011. Henta 27. juni 2018. 
  48. «Sussex University graduation ceremonies begin». The Argus. 21. juli 2011. Henta 27. juni 2018. 
  49. «Brian Wilson Returns to Capitol Music Group; Currently Recording and Self-Producing New Solo Studio Album—Brian Wilson». Brianwilson.com. 6. juni 2013. Arkivert frå originalen 9. juni 2013. Henta 19. juni 2013. 
  50. «Rolling Stone: Brian Wilson Rocks With Jeff Beck, Plans New LPs — Brian Wilson». Brianwilson.com. 20. juni 2013. Arkivert frå originalen 29. juli 2020. Henta 27. juni 2018. 
  51. «Jeff Beck Performs «Why Give It Away» from Japan-Only EP, 'Yosogai' — Video». Guitarworld.com. Henta 27. juni 2018. 
  52. «Jeff Beck Interview». thehighwaystar.com. Henta 27. juni 2018. 
  53. Shimamoto, Ken. «Jeff Beck interview». scottmorganmusic.com. Henta 27. juni 2018. 
  54. Noble, Douglas. «Jeff Beck Interview taken from The Guitar Magazine' Vol 3 No 4, June 1993». djnoble.demon.co.uk. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 27. juni 2018. 
  55. Interview with Mojo magazine, June 2009
  56. Truth Jeff Beck: Review. AllMusic
  57. «100 Greatest Guitarists – 5) Jeff Beck». Rolling Stone. Henta 27. juni 2018. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Jeff Beck
  Commons har multimedium som gjeld: Jeff Beck