Jeitagrotta (arabisk مغارة جعيتا) er eit system av to fråskilde, men samankopla karstgrotter med ei samla lengd på 9 km. Grottene ligg i Nahr al-Kalb-dalen ved Jeita, 18 km nord for den libanesisk hovudstaden Beirut. Sjølv om ho var busett i førhistorisk tid, vart ikkje den nedre grotta oppdaga på ny før i 1836 av presten William Thomson. Ho kan berre vitjast med båt sidan ei underjordisk elv renn gjennom ho. Vatnet i elva gjev friskt drikkevatn til meir enn éin million libanesarar.

Jeitagrotta
grotte
Land  Libanon
Stad Jeita
 - koordinatar 33°56′36.20″N 35°38′28.89″E / 33.9433889°N 35.6413583°E / 33.9433889; 35.6413583
Lengd km
Geologi Karstisk
Lettast tilkomst Jeitagrotta offisiell nettstad
Kart
Jeitagrotta
33°56′38″N 35°38′26″E / 33.943916666667°N 35.640611111111°E / 33.943916666667; 35.640611111111
Wikimedia Commons: Jeita Grotto

I 1958 oppdaga libanesiske grotteforskarar dei øvre galleria, 60 meter over den nedre grotta. Her er det bygd ein tilkomsttunnell og ei rekkje gangvegar slik at turistar kan vitje grotta. Dei øvre galleria husar den største kjende stalaktitten i verda. Galleria består av ei rekkje kammer, der det største har ei høgd på 120 meter.

Utanom å vere eit libanesisk nasjonalsymbol og ein av dei mest vitja turistmåla i landet, speler Jejitagrotta ei viktig sosial, økonomisk og kulturell rolle, og er ein finalist i konkurransen om å verte eit av dei nye sju underverka i verda.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre