Jekaterina Fesenko

Jekaterina Fesenko-Grun (fødd 10. august 1958) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Krasnodar som vart verdsmeister på 400 meter hekk i 1983. Ho tevla for Sovjetunionen.

Jekaterina Fesenko
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 10. august 1958 (65 år)
Krasnodar
Idrett friidrett
Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Fesenko tok seg til finalen på 400 m hekk ved europameisterskapen 1982 i Aten der ho enda på sjuandeplassen. I 1983 vann ho øvinga på tida 54,97 sekundar då universiaden fann stad i Edmonton i Canada. Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, i Helsinki i august 1983, gjorde Fesenko sitt livs løp på 400 meter hekk og vann gullmedaljen på tida 54,14, eitt hundredels sekund framom landslagskollega Ana Ambrazienė.