Jens Filbrich (fødd 13. mars 1979) er ein tysk tidlegare langrennar frå Suhl i delstaten Thüringen. Han vann sju VM-medaljar og to OL-medaljar i tida 2001-11, alle i sølv eller bronse. Sju av medaljane kom i 4 x 10 km stafett. Bronsemedaljen på femmila under Ski-VM 2007 var hans einaste individuelle medalje. Mor til Filbrich, Sigrun Krause, vann ein olympisk stafettmedalje med Aust-Tyskland i 1976.

Jens Filbrich


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 13. mars 1979 (44 år)
Suhl
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013

Både i Ski-VM 2001 i Lahti og Vinter-OL 2002 i Salt Lake City gjekk Filbrich inn til bronse med Tysklands lag i 4 x 10 km stafett. Frå og med Ski-VM 2003 til Ski-VM sanka Filbrich heile fire sølvmedaljar i 4 x 10 km stafett i dei store meisterskapane; høvesvis i Val di Fiemme 2003, Oberstdorf 2005, Torino-OL 2006 og Liberec-VM 2009. I Oberstdorf-VM 2005 på tysk heimegrunn tok han endå ein sølvmedalje då han og Axel Teichmann vart nummer to i den såkalla lagsprinten. Under verdsmeisterskapen 2007 i Sapporo tok Filbrich bronsemedaljen på 50 km, ei veke etter han hamna på fjerdeplassen på 30-kilometeren.

Filbrich lukkast ei heller nokon gong å vinne ei individuell tevling i verdscupen i langrenn, han stoppa med to andreplassar og tre tredjeplassar. Begge andreplassane kom i 2005-sesongen, fyrst vart han slått av landsmannen Teichmann på ei tremil i Val di Fiemme og på tampen av sesongen vart estiske Andrus Veerpalu for sterk på femmila i Holmenkollen. Derimot var han i tida frå november 2003 til november 2006 med å vinne åtte verdscuprenn i stafett eller lagsprint. Han vart niandemann i verdscupen i langrenn 2007.

Filbrich la opp etter OL-sesongen 2014.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.